Akeleie kan ha vorte innført som klosterhageplante så tidleg som i mellomalderen og er sidan elles òg dyrka som prydplante. Arten er vanleg som forvilla over det meste av landet og kjem opphaveleg frå Mellom- og Sør-Europa.

Akeleie avbilda ved Værnes kirke i Stjørdal, Nord-Trøndelag.

Kjenneteikn

Akeleie er ei 30–70 cm høg fleirårig urt med om lag snau stengel. Blada er blågrøne, håra under og to gonger trekopla. Blomane er radiærsymmetriske og blå, kvite eller raudfiolette. Blomane har fem petaloide (kronbladliknande) begerblad og fem røyrforma kronblad med ei lita plate og ein middels lang, nokså tjukk nektarspore som er sterkt krøkt i enden. Dei vert pollinerte av insekt, både bier og humler og sommarfuglar med lang snabel. Dei mange fruktblada vert til skolmkapslar.

Blomane har fem kronbladliknande begerblad og fem kronblad med ei plate og ei tjukk nektarspore som er sterkt krøkt i enden.

Blomane er blå, kvite eller raudfiolette, her er alle fargevariantane samla. Avbilda i Vanvikan, Leksvik i Nord-Trøndelag.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 7. 2n = 14. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Akeleie veks i baserik skog og ur og på havstrand og er ofte elles forvilla på vegkantar og anna skrotemark frå nemoral til mellomboreal (og dels i nordboreal) sone. Arten er nokså vanleg på Austlandet og i kyst- og dalstrøk nordover til Sør-Troms. Vidare nordover er han funnen meir spreidd til Finnmark. Akeleie er heimleg i Mellom- og Sør-Europa.

Kommentarar

Akeleie er ikkje funnen i avsetningar frå mellomalderen, men vert trass i det vurdert som ei klosterplante på grunn av rikelege funn rundt nokre klosterruinar i landet kor det ikkje er kjent nokon hageaktivitet (sjå Åsen 2015). Hartvig (2015) skriv at arten er dyrka i Danmark sidan mellomalderen, eller at han til og med kan vere heimleg på Bornholm.

Hagematerialet av akeleie er formrikt, med ei rekkje fargeformer og andre kultivarar, til dømes med fylde blomar. Fleire andre Aquilegia-artar vert dyrka, mellom anna nokre småvaksne, alpine artar og fleire amerikanske, men med eitt unntak (A. chrysantha) er det forvilla materialet ført til A. vulgaris.

Forvekslingar

Akeleie har ingen opplagde forvekslingsartar, når ein ser bort frå gullakeleie A. chrysantha som har gule blomar (noko som er sjeldsynt hos akeleie) og lang, tynn nektarspore tilpassa pollinering av kolibri. Gullakeleie er førebels funne berre éin gong, og forveksling med denne er difor ikkje sannsynleg.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hartvig P (2015). Atlas flora danica. 1–3. Gyldendal, København. 1230 s.

Ljungqvist K (2011). Nyttans växter. Calluna forlag. 592 s.

Åsen PA (2015). Norske klosterplanter. Levende kulturminner fra middelalderen. Portal forlag, Kristiansand. 332 s.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Akeleie Aquilegia vulgaris L. www.artsdatabanken.no/Pages/286500. Lasta ned <dag/månad/år>.