Lundkrattsoleie er ei middels høgvaksen soleie som er funnen innført med tømmer i Hurum (Buskerud) i 2004 og kanskje òg i ein park i Oslo på 1800-talet. Planten kjem opphaveleg frå vestlege Mellom- og Sør-Europa.

Kjenneteikn

Lundkrattsoleie er ei fleirårig urt som vert 10–20 cm høg. Stengelen er først opprett, vert seinare nedliggjande og set røter. Han er grisse håra, hovudsakleg med tiltrykte hår. Grunnblada er tre- eller femflika med breitt ovale, litt innskorne flikar. Blomeskafta er riflete. Blomane er store, 2,5–3,5 cm breie, med klårt gule kronblad. Begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene er ca. 3 mm lange, glatte og snaue, med eit 0,7–1,2 mm langt og sterkt krøkt nebb.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Lundkrattsoleie er innført med tømmer i Hurum (Buskerud) i 2004. Plantar som vart funne i ein park i Oslo på 1800-talet, kan òg høyre til denne arten, men det er noko uvisst. Dei kan ha kome inn med grasfrø. Arten er heimleg i vestlege Mellom- og Sør-Europa, nord til lengst sørvest i Danmark.

Forvekslingar

Lundkrattsoleie står svært nær krattsoleie, særleg den rasen av krattsoleie som har tiltrykte stengelhår og nokså breie bladflikar (subsp. ×polyanthemoides). Dei skil seg særleg i at krattsoleie har lite krøkt nebb på smånøttene, medan lundkrattsoleie har sterkt krøkt nebb. Artsgruppa er ikkje godt utgreidd i Noreg.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Jonsell B (2001). Ranunculus L. (p.p.) I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 285–288.

Tutin TG og Akeroyd JR (1993). Ranunculus L. I: Tutin TG mfl., Flora Europaea. Volume 1. Lycopodiaceae to Plantanaceae. 2. utg.: 269–285.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Lundkrattsoleie Ranunculus serpens Schrank www.artsdatabanken.no/Pages/286615. Lasta ned <dag/månad/år>.