Lodnesoleie er ein middels høgvaksen plante som er innført og dyrka som prydplante. Han er so vidt forvilla, førebels berre kjend frå Ås i Akershus. Stengel og blad er tett silkehåra, og blomane er store. Arten kjem opphaveleg frå Søraust-Europa.

Kjenneteikn

Lodnesoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 20–60 cm høg. Røtene er tjukke, og fleire av dei er noko oppsvolle. Stengelen er opprett og litt greina øvst. Stengel og blad er tett silkehåra. Dei fleste blada sit ved grunnen, er kantete i omriss og djupt tredelte (til om lag trekopla) med omvendt eggforma eller omvendt lansettforma flikar. Blomeskafta er trinne. Blomen er stor, det vil seie meir enn 2,5 cm brei. Kronblada er glinsande gule. Begerblada er nedbøygde og silkehåra på utsida. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er 2–3 mm lange, flattrykte, breitt vengjekanta, vortete, snaue og med litt bøygd nebb.

Kromosomtal

Arten er diploid og tetraploid med grunntal 8. 2n = 16, 32. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Lodnesoleie er ein innført art som vert dyrka som prydplante. Han er førebels berre funnen som forvilla og bufast i Ås (Akershus), men kan finnast fleire stader. Arten er heimleg i Søraust-Europa.

Forvekslingar

Lodnesoleie har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Lodnesoleie Ranunculus psilostachys Griseb. www.artsdatabanken.no/Pages/286366. Lasta ned <dag/månad/år>.