Krattsoleie er ein middels høgvaksen, heimleg plante som veks på dei floristisk finaste tørrbakkane i søraustre delar av landet. Han kan minne om «smørblom» (engsoleie), men har mellom anna oppimot dobbelt så store blomar som engsoleie. Arten veks på tørre og opne stader med baserik grunn.

Kjenneteikn

Krattsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 20–60 cm høg. Stengelen har mange sprikjande, lyst brungule hår. Grunnblada er djupt handdelte i tre eller fem flikar med kantete omriss. Dei nedste støtteblada i blomestanden har opptil tre hovudflikar. Blomeskafta er riflete. Blomen er nokså stor, det vil seie 2,5–3,5 cm brei. Kronblada er gule, og begerblada er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene er glatte, snaue og med kort og bøygd til krøkt nebb.

Stengelen hos krattsoleie har mange sprikjande hår, oftast med lyst gulbrun farge, men det synest ikkje her.

Grunnblada er djupt handdelte i 3 eller 5 smale flikar og har kantete omriss.

Blomeskaftet er riflete. Blomen er gul og stor med begerblad som ikkje er nedbøygde.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Krattsoleie veks på tørre og noko baserike stader som tørr slåtteeng, tørrbakke og open, tørr skog i boreonemoral til sørboreal (og dels mellomboreal) sone. Arten er søraustleg og finst spreidde stader på Austlandet frå Hvaler (Østfold) og Kragerø (Telemark) til øvst i Valdres og Gudbrandsdalen (Oppland), i tillegg til nokre førekomstar i Stavanger (Rogaland; ugrasfunn), Lærdal (Sogn og Fjordane), her komen over frå Valdres, og Oppdal (Sør-Trøndelag), her kome over frå Gudbrandsdalen. Arten er utbreidd i Europa og Vest-Asia og har typisk det vi nemner som ei søraustleg utbreiing i Noreg, sjå Elven (1996).

Kommentarar

Storparten av det norske materialet deler seg på to om lag like vanlege typar med om lag same utbreiing. Den eine typen, subsp. polyanthemos, har grunnblad med fem hovudavsnitt og svært smale flikar, medan den andre typen, subsp. ×polyanthemoides, har grunnblad med 3–5 hovudavsnitt og breiare flikar. Den sistnemnde underarten er ei mellomform mellom R. polyanthemos og R. serpens, ein europeisk art funnen som heimleg nord til Danmark og funnen som ugras i Oslo på 1900-talet og på tømmerplass i Hurum (Buskerud) i 2004.

Forvekslingar

Krattsoleie liknar på nokre former av bakkesoleie (engsoleie/«smørblom») og skogsoleie, men krattsoleie har riflete blomeskaft og oftast større blomar enn desse to.

Kjelder

Elven R (1996). Ranunculus polyanthemos. I: Fægri K og Danielsen A, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 91–92 + pl. 31.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Krattsoleie Ranunculus polyanthemos L. www.artsdatabanken.no/Pages/286364. Lasta ned <dag/månad/år>.