Gul tyrihjelm er ein høgvaksen framand plante som er innført som prydplante. Arten kjem opphaveleg frå Aust-Europa og er funnen berre éin gong utanfor hagar i Ringsaker (Hedmark) på byrjinga av 1990-talet. Skilnaden mot vår heimlege tyrihjelm er noko uklår.

Kjenneteikn

Gul tyrihjelm er, som den nærståande og heimlege arten tyrihjelm, ei høgvaksen fleirårig urt med grov, dunhåra og kjertelhåra stengel. Blada er store og djupt 5–7 gonger flika. Blomane sit i ein lang klase og er store, monosymmetriske og gulkvite med fem ulikt store, petaloide (kronbladliknande) begerblad. Det største, hjelmen, er utforma som ein pose med botnen opp. Blomen har òg 2–10 kronblad, og det bakre paret er nektarium som går opp i hjelmen, medan dei andre er smale og små eller manglar. Arten har oftast tre fruktblad som vert til skolmkapslar.

Kromosomtal

Arten er truleg diploid med grunntal x = 8. 2n = 16.

Økologi og utbreiing

Gul tyrihjelm er heimleg i midtre og sørlege Europa og går nord til Estland og aust til Romania.

Kommentarar

Arten vert stundom handsama som ein underart av A. lycoctonum L., og då er vår heimlege tyrihjelm òg ein underart av denne arten. Avgrensinga mot vår heimlege tyrihjelm er særs uklår; det ser ut til at den einaste skilnaden er blomefarge. Det er ikkje sikkert at A. lasiostomum fortener rang som art.

Forvekslingar

Gul tyrihjelm kan bli forveksla med vår heimlege tyrihjelm, men skal ha gulkvite og ikkje fiolette blomar. Forvekslinga er kanskje mest akutt mot former av tyrihjelm med gråkvite blomar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Karlsson T (2001). Aconitum L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 321–324.

Tutin TG, Akeroyd JR og Chater AO (1993). Aconitum L. I: Tutin TG mfl. (red.), Flora europaea 1, ed. 2: 254–256.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Gul tyrihjelm Aconitum lasiostomum Rchb. ex Besser. www.artsdatabanken.no/Pages/324889. Lasta ned <dag/månad/år>.