Den storbloma symrearten filtsymre er innført som hageplante og forvilla.

Filtsymre er ein lågvaksen plante som er innført og dyrka som prydplante. Arten kjem opphavleg frå lengre sør i Europa og frå Asia og har etablert seg nokre stader i Sør-Noreg. Planten er kvithåra over det heile og har få og nokså store blomar.

Kjenneteikn

Filtsymre er ei fleirårig urt med krypande jordstengel. Planten vert ca. 10–40 cm høg og er kvithåra over det heile. Han har mange grunnblad og tre langskafta stengelblad som er djupt treflika og som sit i krans på stengelen. Blomar sit enkeltvis på stengelen og er 3–6 cm breie og kvite. Kronblad manglar, men begerblada (oftast fem hos villformer, ofte fleire hos hageformer) er petaloide (kronbladliknande), og dei sit i éin krans. Pollenknappane er gule. Blomane er insektpollinerte, og fruktene er håra smånøtter. Vi veit ikkje korleis dei vert spreidde.

Blomane er store og kvite og sit enkeltvis på stengelen. Filtsymre har mange grunnblad og tre langskafta stengelblad som er djupt treflika.

Kromosomtal

Diploid (meir sjeldan tetraploid) med grunntal x = 8. 2n = 16 (32). Teljingane er ikkje utførte på norsk materiale. Både diploide og tetraploide teljingar er kjende frå vår underart, subsp. sylvestris.

Økologi og utbreiing

Filtsymre er ein innført art som vert dyrka som prydplante. Arten er forvilla og bufast og veks på tørrbakkar og i tørre skogkantar, oftast på baserik grunn, spreidd i nemoral og boreonemoral sone i Sør-Noreg: funnen i Hvaler og Hobøl (Østfold), Vestby, Bærum og Asker (Akershus), Stange og Hamar (Hedmark), Hole og Drammen (Buskerud), Porsgrunn og Hjartdal (Telemark), Tvedestrand (Aust-Agder), Ørskog (Møre og Romsdal) og Trondheim (Sør-Trøndelag). Underarten som veks i Noreg, subsp. sylvestris, er heimleg lengre sør i Europa og i Sør-Sibir. Ein annan underart, subsp. ochotensis (Fisch. ex Pritz.) V.V.Petrovsky, veks lengre nord og aust i Sibir.

Kommentarar

Stundom vert denne arten rekna til slekta Anemonoides Mill.

Forvekslingar

Filtsymre har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Ehrendorfer F og Samuel R (2001). Contributions to a molecular phylogeny and systematics of Anemone and related genera (Ranunculaceae – Anemoninae). Acta Phytotax. Sin. 39: 293–307.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Hoot SB, Reznicek AA og Palmer JD (1994). Phylogenetic relationships in Anemone (Ranunculaceae) based on morphology and chloroplast DNA. Syst. Bot. 19: 169–200.

Starodubtzev VN (1983). Tsitotaksonomicheskoe issledovanie dalnevostochnykh vidoy roda Anemone (Ranunculaceae). Bot. Zhurn. 68: 1013–1021.

Starodubtzev VN (1991). Vetrenitsy: Sistematika i evoliutsiia. Nauka, Leningrad. 197s.

Starodubtzev VN (1995). Triba Anemoneae DC. I: Kharkevicz SS (red.), Plantae vasculares Orientis Extremi Sovietici 7: 68–93.

Uotila P (2001). Anemone L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 300–305.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Filtsymre Anemone sylvestris L. www.artsdatabanken.no/Pages/286360. Lasta ned <dag/månad/år>