Kvitsoleie er ein høgvaksen og staseleg, heimleg plante med store, kvite blomar. Han veks i høgstaudeeng og høgstaudeskog over store delar av landet. Arten er stundom òg dyrka som prydplante og kan vere forvilla frå dyrking, til dømes i Nordland.

Kjenneteikn

Kvitsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 50–150 cm høg. Stengelen er opprett, høg og snau. Grunnblada er store, kantete i omriss, og handflika med fem hovudflikar. Blomeskaftet er snautt, grunt riflete, og 4–5 gonger så langt som støttebladet. Blomane er kvite og store (1,5–3 cm breie) og sit få saman på lange skaft i ein open halvskjerm. Begerblada fell tidleg av og er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er kvithåra. Smånøttene er snaue, har langsgåande ribber eller eit nettverk av ribber, og dei er mørke, brune eller raudlege, med langt, bøygd nebb.

Grunnblada er store, kantete i omriss, og handflika med fem hovudflikar.

Blomeskaftet er snautt og 4–5 gonger så langt som støttebladet.

Blomane er kvite og store og sit få samen på lange skaft i ein open halvskjerm. Her er det hår på blomeskafta, noko det ikkje skulle vore hos denne arten.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Kvitsoleie veks i høgstaudeeng og høgstaudeskog på noko næringsrik eller baserik grunn, mest i åstrakter og fjellskog i nordboreal og dels mellomboreal sone og i lågalpint høgdebelte. Arten er nokså vanleg over det meste av Sør-Noreg og heimleg nord til Beiarn (Nordland, kan vere spreidd frå dyrking enkelte stader) og med ein svært isolert, uvisst om heilt heimleg, førekomst på Sørøya i Hammerfest (Finnmark). Arten er utbreidd i Europa.

Kommentarar

Dei to førekomstane på Sørøya ligg 550 km nord for den elles kjende utbreiinga, og arten har ikkje noko spesiell tilpassing til spreiing. Korleis planten er komen hit, er difor eit mysterium. Tidleg innførsel med grasfôr er ei moglegheit. I dag er den eine førekomsten i ei bukt der ingen har budd på lang tid, og den andre er i ei anna bukt nokre få km vekk, der det er ein nedlagt gard.

Forvekslingar

Kvitsoleie har ingen opplagde forvekslingsartar, med unntak av den meir sjeldsynte og innførte arten alpekvitsoleie R. aconitifolius. Blomeskaftet er 4–5 gonger så langt som støttebladet hos kvitsoleie, medan det er 1–3 gonger så langt som støttebladet hos alpekvitsoleie. Blomeskaftet er dessutan snautt hos kvitsoleie, medan det er dunhåra øvst hos alpekvitsoleie. Hos kvitsoleie er midtfliken på grunnblada ikkje delt heilt til grunnen, medan han er delt heilt til grunnen hos alpekvitsoleie.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kvitsoleie Ranunculus platanifolius L. www.artsdatabanken.no/Pages/286383. Lasta ned <dag/månad/år>.