Hjulvassoleie er ein opptil halvmeterlang, flytande og heimleg vassplante med halvstore blomar. Arten kom inn i ein dam i Rennesøy i Rogaland i 2002, truleg med fugl, men gjekk raskt ut att. Arten tilhøyrer vassoleie-gruppa (underslekt Batrachium).

Kjenneteikn

Hjulvassoleie er ein oftast fleirårig vassplante med halvmeterlange stenglar. Undervassblada er hårfint delte, med stive flikar i eitt plan (dette til skilnad frå alle andre vassoleier i Noreg). Bladskaftet kjem knapt ut av bladslira, og bladet sit difor som eit hjul kring stengelen. Undervassblada er mindre enn 4 cm lange og mykje kortare enn ledda på stengelen. Dei fell ikkje penselforma saman når dei kjem opp frå vatnet. Flyteblad manglar. Blome- og fruktskaft er 3–6 cm lange, rette eller noko bøygde, og mykje lengre enn blada. Blomane er halvstore (15–25 mm breie). Kronblada er kvite og overlappar ikkje kvarandre. Nedst har dei ei halvmåneforma nektargrop. Talet på pollenberarar er oftast 15–25. Fruktfestet er håra. Smånøttene har tverr-ribber og flytevev, er spreidd strihåra, elliptiske og med kort nebb.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale. Mange rapportar for kromosomtal i Batrachium er upålitelege av di taksonomien og artsavgrensinga er vrien.

Økologi og utbreiing

Hjulvassoleie er funnen berre éin stad i Noreg, i ein grunn periodisk dam i boreonemoral sone i Rennesøy (Rogaland) i 2002, der han truleg har komen inn med fugl. Arten er utbreidd i Europa (går elles nord til Dei britiske øyane, Danmark, Sør- og Aust-Sverige og Sørvest- og Sør-Finland), Nordvest-Afrika og Sentral-Asia. Rapportar frå Nord-Amerika gjeld truleg andre artar.

Kommentarar

Hjulvassoleie kan ha kome frå Danmark, der planten ikkje er sjeldsynt nord til Nord-Jylland, men han kan òg ha kome frå England. Klimatisk er det ingenting i vegen for at han kan vekse i Noreg. Han veks nord til Västergötland i Vest-Sverige og heilt nord til Ångermanland og Södra Österbotten ved Austersjøen.

Sterile plantar som liknar mykje på hjulvassoleie, er funne fleire stader på indre Austlandet, særleg i Oppland, men desse er ikkje studerte grundig nok til at ein vil namnfeste dei. Ei anna mogleg tolking av desse plantane, er at dei er hybridar der dvergvassoleie R. confervoides går inn.

Forvekslingar

Hjulvassoleie kan verte forveksla med dei andre vassoleiene; artane er vanskeleg å skilje, og plantar utan blome eller frukt let seg ofte ikkje namnfeste. Hjulvassoleie er den einaste vassoleia i Noreg som har undervassblad med stive flikar i eitt plan, og der bladskaftet ikkje eller knapt kjem ut av slira.

Kjelder

Dahlgren G og Jonsell B (2001). Ranunculus L. (p.p.) I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 259–269.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Hjulvassoleie Ranunculus circinatus Sibth. www.artsdatabanken.no/Pages/286394. Lasta ned <dag/månad/år>.