Italiaranke er innført og vert dyrka som prydplante. Han kjem opphaveleg frå Italia, Søraust-Europa og Vest-Asia aust til Iran og er forvilla og naturalisert i edellauvskog og rik blandingsskog på Malmøya i Oslo.

Kjenneteikn

Italiaranke er ein fleire meter lang, veik klengjebusk med motsette, finna blad. Blomane sit einskilde eller få saman med blå eller purpurfarga, butte, petaloide (kronbladliknande) begerblad, 1–2 cm lange. Kronblad manglar; blomane har ikkje ei bikrone. Arten vert vindspreidd; griffelen er lang, men ikkje fjørforma.

Kromosomtal

Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Italiaranke er innført som prydplante og vart først funnen som forvilla i 1966. Arten er bufast på Malmøya i Oslo, og her er han naturalisert i edellauvskog og rik blandingsskog. Arten er heimleg i Italia, Søraust-Europa og Vest-Asia aust til Iran.

Arten er ikkje lenger vanleg i kultur; han er erstatta av hybridar med større blomar som formeirar seg lite eller ikkje. Det er difor truleg at spreiing frå hagar no meir eller mindre har stoppa opp.

Forvekslingar

Italiaranke har ingen opplagde forvekslingsartar.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Italiaranke Clematis viticella L. www.artsdatabanken.no/Pages/286496. Lasta ned <dag/månad/år>.