Muserumpeslekta er i Noreg representert med éin art, den heimlege arten muserumpe. Denne, som artar generelt i slekta, er særprega ved ein forlenga blomebotn som med litt godvilje ser ut som ei muserumpe.

Muserumpe, den einaste arten i slekta i Noreg, frå Vestfossen i Øvre Eiker, Buskerud.

På verdsbasis tel muserumpeslekta Myosurus 8–15 artar. Slekta er bortimot kosmopolitisk; ho manglar berre i Aust-Asia og i tropiske område og har eit mangfaldssentrum i vestlege Nord-Amerika. Slekta inneheld i Noreg berre éin art, den heimlege arten muserumpe Myosurus minimus.

Fylogenetiske undersøkingar syner at slekta òg kan gå inn i ei større Ranunculus-slekt, og nokre stader vert slekta handsama som ein Ranunculus (soleie; sjå t.d. ‘Plants of the World Online’). Vi vel her å halde denne morfologisk særprega slekta for seg.

Slekta er særprega i soleiefamilien ved at blomebotnen vert forlenga og strekkjer seg til ein lang tapp som dei talrike smånøttene sit på; derav namnet muserumpe («mouse tail»). Slekta er elles kjenneteikna ved at artane er eittårige, små og snaue plantar, der alle blada sit i ein rosett som visnar tidleg. Blada er smale (lineære) og enkle med heil bladkant. Blomane sit enkeltvis på bladlause skaft (1–30 frå ein rosett), er radiærsymmetriske og tokjønna med oftast fem grønlege eller kvite begerblad med ein spore ned langsmed blomeskaftet, og oftast fem røyrforma kronblad (manglar stundom) med nektarium.

Artane i slekta er særprega ved at blomebotnen strekkjer seg til ein lang tapp med talrike smånøtter.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Plants of the World Online (POWO) (2022). Ranunculus L. https://powo.science.kew.org/results?q=Ranunculus Lasta ned 25/5/2022.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Uotila P (2001). Myosurus L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 293–294.

Whittemore AT (1997). Myosurus Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 135–138.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Muserumpeslekta Myosurus L. www.artsdatabanken.no/Pages/315279. Lasta ned <dag/månad/år>.