Hageriddarspore er ein høgvaksen, innført hageplante. Han er oftast attståande i hagar og på hageavfall, men er stundom òg frøforvilla. Arten er funnen spreidde stader over det meste av landet.

Hageriddarspore frå Sjøvollsetra på Røros i Sør-Trøndelag.

Kjenneteikn

Hageriddarspore er ei 0,5–1,5 m høg, fleirårig urt med høg og rak stengel som er håra nedst og stundom òg øvst. Blada er store og handdelte langt inn, men ikkje heilt til grunnen. Blomane sit i ein lang klase og er store, monosymmetriske og lysblå, rosa, fiolette eller kvite, med fem petaloide (kronbladliknande) begerblad, der det øvre har ein lang spore. Blomen har òg fire korte kronblad som er mørke i fargen, og dei to øvre er ikkje samanvaksne og stikk inn i sporen som to nektarium. Arten har oftast tre, stundom fem, fruktblad som vert til skolmkapslar.

Dei  store, handdelte blada hos hageriddarspore er delte langt inn, men ikkje heilt til grunnen.

Blomeskaftet er lengre enn blomen hos åkerriddarspore. Blomane er monosymmetriske med fem blå eller fiolette, kronbladliknande begerblad, det øvre med ein lang spore.

Blomane har fem kronbladliknande begerblad, og det øvre har ein lang spore.

Hageriddarspore har oftast tre, men stundom fem, fruktblad som utviklar seg til skolmkapslar.

Kromosomtal

Arten er rapportert som tri-, tetraploid eller heksapoloid med grunntal x = 8. 2n = 24, 32, 48 (sjå kommentar nedanfor). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Hageriddarspore vert dyrka som prydplante og kan frøforville seg, men står ofte att i hagar som her på Kongsvoll i Oppdal.

Hageriddarspore er innført som prydplante og står att frå hagar og på hageavfall og er stundom frøforvilla i boreonemoral til nordboreal, dels òg i nemoral sone. Arten er forvilla frå 1862 og er bufast og i auke. Han veks spreidde stader på Austlandet nord til Røros (Sør-Trøndelag), Folldal (Hedmark) og Lom (Oppland) og i kyst- og dalstrøk nord til Steinkjer (Nord-Trøndelag). Han er òg funnen fleire stader i Nordland og mange stader i Troms og Finnmark. Arten er heimleg i Mellom- og Aust-Europa, Sibir, Sentral-Asia og Mongolia.

Kommentarar

Karlsson (2001) konkluderte med at storparten eller alt materiale av storvaksne, fleirårige riddarsporar i Norden kunne førast til D. elatum. Det dyrka og forvilla materialet av hageriddarspore er særs mangfaldig, med ei rekkje kultivarar med ulike blomefargar, blomeformar (og misdanningar). Mange av hageplantane og dei som berre er attståande ute i naturen, har dårleg eller inga frøformeiring. Nokre former har derimot god frøformeiring, og desse spreier seg effektivt lokalt. Variasjonen i kromosomtal kan ha noko å seie for fertiliteten; Karlsson rekna berre tetraploide plantar (2n = 32) til D. elatum.

Hageriddarspore i vid meining, det vil seie ikkje berre D. elatum subsp. elatum, inkluderer òg D. austriacum (Pawl.) Starm. som har vore oppfatta både som ein særskild art eller som ein underart av D. elatum. Delphinium austriacum er heimleg i Austerrike og berre rapportert frå Odda (Hordaland) i 1951, anten spreidd frå dyrking eller komen inn med malm ved smelteverket. Karlsson (2001) studerte materialet frå Odda og fann at det ikkje samsvara med D. austriacum slik arten er typifisert.

Forvekslingar

Hageriddarspore skil seg frå kinariddarspore D. grandiflorum m.a. i at han har nokså breie bladflikar, medan kinariddarspore har smale, linjeforma bladflikar.

Kjelder

Aeschimann D, Lauber K, Moser DM og Theurillat J-P (2004). Flora alpina. Band 1: Lycopodiaceae-Apiaceae. Haupt Verlag, Bern.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Karlsson T (2001). Delphinium L. I: Jonsell B (red.): Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 324–326.

Pawlowski B (1993). Delphinium I: Tutin TG mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Lycopodiaceae to Plantanaceae, 2. utg.: 257–260.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Hageriddarspore Delphinium elatum L. www.artsdatabanken.no/Pages/286523. Lasta ned <dag/månad/år>.