Kubjølleslekta står nære symreslekta og vert stundom handsama innanfor ho. Artane, i alle fall dei norske, er likevel lette å skilje frå symrene på dei lange, fjørforma griflane som vert sitjande att på smånøttene og fremjar vindspreiing. Mogop og kubjølle er dei to heimlege artane i slekta i Noreg. I tillegg vert stor kubjølle stundom funnen som forvilla frå dyrking.

Mogop, den eine av ei to heimlege artane i slekta, frå Dovre i Oppland.

Artar i slekta Pulsatilla har lodne blad og stenglar og kransstilte stengelblad med trådforma flikar som sit oppunder blomen. I fruktstadiet strekkjer stengelen seg, og dei lange, dunhåra griflane blir sitjande på smånøttene og sørger for vindspreiing. Her stor kubjølle Pulsatilla vulgaris frå Skåne kor han er heimleg.

Kubjølleslekta Pulsatilla omfattar på verdsbasis litt over 30 artar som er utbreidde i Europa, Asia og Nord-Amerika. Sjølv om slekta er lett å skilje frå Anemone på dei lange, fjørforma griflane som vert sitjande att på smånøttene, har molekylære og fylogenetiske undersøkingar vist at denne karakteren ikkje eignar seg til å avgrense Pulsatilla som ei monofyletisk gruppe. Det har vist seg at Pulsatilla er omslutta av Anemone (i vid forstand) og kan difor òg handsamast innanfor ei vidt avgrensa Anemone-slekt.

Artane er fleirårige urter. Blad og stenglar er lodne. Dei tre kransstilte stengelblada er delte i trådforma flikar og sit heilt oppunder blomen. Blomane er skål- eller klokkeforma. Kronblad manglar, men begerblada er kronbladliknande, sokalla petaloide. Dei sit i éin krans, oftast seks i talet, og er silkehåra på utsida. Blomen har svært små og lite synlege, nektarproduserande staminodium. I fruktstadiet strekkjer stengelen seg godt over stengelblada. Griflane er lange og dunhåra og blir sitjande att på smånøttene. Dei bidreg til vindspreiing av fruktene.

I Noreg har vi tre artar i denne slekta: to heimlege (mogop og kubjølle) og ein framand og forvilla prydplante (stor kubjølle).

Kjelder

Dutton BE, Keener CS og Ford BA (1997). Anemone Linnaeus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae: 139–158.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Lindell T (2001). Pulsatilla Mill. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 305–310.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. Fourth edition. C & M Floristics, United Kingdom. 1266s.

Wencai W og Bartholomew B (2001). Pulsatilla Miller. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6. Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 329–333.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Kubjølleslekta Pulsatilla Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/315280. Lasta ned <dag/månad/år>.