Dvergsoleie er vår minste soleie og er ein lågvaksen, heimleg plante som veks i snøleie i fjellet over det meste av landet. Arten går heilt opp til 2230 moh. i Jotunheimen! Han har små, lysgule blomar og langskafta, djupt handflika blad.

Kjenneteikn

Dvergsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 2–10 cm høg. Stengelen er opprett, grann, snau sett bort frå øvst der han er kvithåra. Grunnblada er langskafta og kantete i omriss, lysgrøne og djupt handflika med tre eller fem hovudflikar. Blomane er små, ca. 6–7 mm breie, med lysgule kronblad. Blomeskaftet er trint og strekkjer seg mykje etter bløminga. Begerblada er grisse håra og ikkje nedbøygde. Fruktfestet er snautt. Smånøttene er glatte og snaue, med kort og krøkt nebb.

Dvergsoleie vert ikkje meir enn 10 cm høg og har opprett og grann stengel. Blomeskaftet strekkjer seg mykje etter bløminga.

Grunnblada er langskafta og djupt handflika med tre (eller fem) hovudflikar.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Dvergsoleie veks i snøleie og er berre litt basekrevjande. Arten er vanleg i fjellet i det meste av landet og på Jan Mayen, Bjørnøya og Svalbard. På fastlandet går han i lågalpint til høgalpint høgdebelte, så høgt som 2230 moh. i Jotunheimen, og stundom ned i nordboreal sone. På dei arktiske øyane går han frå sørarktisk til nordarktisk sone. Arten er utbreidd elles i alpine og sirkumpolare område.

Kommentarar

Hybriden mellom dvergsoleie og polarsoleie R. sulphureus er sjeldsynt på Svalbard, funnen saman med foreldra nokre få stader kring Isfjorden. Hybriden mellom dvergsoleie og snøsoleie R. nivalis er funnen mange stader i fjellet på fastlandet, særleg i Nord-Noreg, og er òg funnen eit par stader på Spitsbergen.

Forvekslingar

Dvergsoleie kan verte forveksla med sumpsoleie R. hyperboreus, men dvergsoleie har femtalig blome, medan sumpsoleie har tretalig. Stengelen er elles opprett hos dvergsoleie medan han er krypande og set røter hos sumpsoleie.

Kjelder

Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora https://svalbardflora.no

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Dvergsoleie Ranunculus pygmaeus Wahlenb. www.artsdatabanken.no/Pages/286377. Lasta ned <dag/månad/år>.