Alpekvitsoleie er ei høgvaksen urt innført som prydplante, og særleg då ei form med fylte blomar, duppesoleie. Arten har store, kvite blomar og liknar mykje på vår heimlege kvitsoleie. Alpekvitsoleie er ikkje funnen ofte og står typisk att frå hagar og på utkasta jord.

Duppesoleie, den fylte forma av alpekvitsoleie, dyrka i Ringve botaniske hage i Trondheim.

Kjenneteikn

Alpekvitsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 30–60 cm høg. Stengelen er opprett og snau. Grunnblada er store, kantete i omriss, og djupt handflika med fem hovudflikar (midtfliken er så godt som fri). Hovudflikane er mykje tanna. Blomeskaftet er håra øvst, 1–3 gonger så langt som støttebladet og er grunt riflete. Blomane er kvite og store (1,5–3 cm breie), oftast fylte på forvilla norsk materiale (‘Flore pleno’ – duppesoleie), og sit få saman på korte skaft i ein open halvskjerm. Begerblada fell tidleg av og er ikkje nedbøygde. Fruktfestet er kvithåra. Smånøttene er snaue, har langsgåande ribber eller eit nettverk av ribber, og dei er mørke, brune eller raudlege, med langt, bøygd nebb.

Grunnblada er store, kantete i omriss, og djupt handlika med fem hovudflikar.

Blomeskaftet er berre 1–3 gonger så langt som støttebladet. Alpekvitsoleie har store, kvite blomar, her ein fylt variant (duppesoleie) som ofte vert dyrka. Blomane sit på korte skaft i ein open halvskjerm.

Fylt alpekvitsoleie (duppesoleie - 'Flore Pleno'); ikkje så rart at denne vert dyrka!

Smånøttene er snaue med langt bøygd nepp. Nettverket av ribber er førebels ikkje synleg.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Alpekvitsoleie er innført som prydplante og står ofte att frå hagar og på utkasta jord, og er ein sjeldan gong funnen frøforvilla. Arten er sjeldsynt i sørboreal til mellomboreal (dels òg i nemoral til boreonemoral) sone i sør, med spreidde førekomstar i Østfold, Buskerud, Agder-fylka, Rogaland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Arten er meir hyppig funnen nordpå frå Rana og Leirfjord (Nordland) til Tromsø (Troms). Alpekvitsoleie er heimleg i fjell i Mellom- og Sør-Europa.

Forvekslingar

Alpekvitsoleie kan minne om vår heimlege og meir vanlege kvitsoleie R. platanifolius, men kan skiljast på blomeskaftet som er 1–3 gonger så langt som støttebladet hos alpekvitsoleie, medan det er 4–5 gonger så langt som støttebladet hos kvitsoleie. Blomeskaftet er dessutan dunhåra øvst hos alpekvitsoleie og snautt hos kvitsoleie. Hos alpekvitsoleie er midtfliken på grunnblada delt heilt til grunnen, medan den hos kvitsoleie ikkje er delt heilt til grunnen, og flikane på bladet hos alpekvitsoleie er mykje meir tanna enn hos kvitsoleie. Finn ein plantar med fylte blomar er det duppesoleie, ein fylt form som tilhøyrer arten alpekvitsoleie.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Alpekvitsoleie Ranunculus aconitifolius L. www.artsdatabanken.no/Pages/286384. Lasta ned <dag/månad/år>.