Knollsoleie er ein lågvaksen til middels høg, heimleg plante, men er kanskje òg nokre gonger komen inn med ballastjord. Arten finst i søraustlege deler av landet. Han har ein rund knoll ved grunnen, derav namnet.

Kjenneteikn

Knollsoleie er ei fleirårig urt som vert om lag 10–30 cm høg. Planten har ein stor og tydeleg, rund knoll ved grunnen. Stengelen har lange, sprikjande hår. Grunnblada har kantete omriss og er djupt tredelte (om lag trekopla). Blomeskafta er riflete. Blomane er gule og nokså store (dvs. 1,5–3 cm breie). Begerblada er sterkt nedbøygde. Fruktfestet er håra. Smånøttene er glatte, snaue og med kort og bøygd nebb.

Blomane er gule med sterkt nedbøygde begerblad, eit viktig kjenneteikn. Blomeskaftet er riflete.

Kromosomtal

Arten er diploid med grunntal 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Knollsoleie veks på tørr grasbakke og i tørr, open skog på noko baserik grunn, i nemoral til boreonemoral sone. Arten er hovudsakleg heimleg, men kan nokre stader vere innført med ballastjord. Arten er søraustleg. Nokre gamle lokalitetar i Oslo, Bærum (Akershus) og Bergen (Hordaland) kan no vere utgåtte. Arten finst elles spreidde stader i kyststrøk frå Østfold til Vest-Agder. Økologi og utbreiing vert diskutert hos Fægri (1996). Arten er utbreidd i Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia.

Forvekslingar

Knollsoleie har ingen forvekslingsartar, kanskje med unnatak for ballastsoleie som òg har nedbøygde begerblad; desse skil seg ved at knollsoleie er fleirårig med stengelknoll medan ballastsoleie er eittårig utan stengelknoll.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.

Fægri K (1996). Ranunculus bulbosus. I: Fægri K og Danielsen A, Maps of distribution of Norwegian vascular plants. III. The southeastern element: 90 + pl. 31.

Siter nettsida som:

Hegre H og Elven R. Knollsoleie Ranunculus bulbosus L. www.artsdatabanken.no/Pages/286372. Lasta ned <dag/månad/år>.