Tårnsennep
Descurainia incana
Tårnsennep er ein framand art som berre er funnen éin gong i Noreg, truleg komen inn med korn. Arten kjem opphaveleg frå Nord-Amerika.
Kjenneteikn
Tårnsennep er toårig, kan bli opptil 1 m høg, og er tett gråhåra, mest med uregelrett fleirgreina (dendroide) hår. Blada er finna med heile småblad. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er gule og 1,2–2 mm lange. Frukta er ei grann og linjeforma langskulpe, oftast 5–10 mm lang, tilspissa i begge endane og noko knudrete. Fruktene sit på korte (2–10 mm), noko tiltrykte skulpeskaft. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.
Kromosomtal
Tårnsennep er di- og tetraploid med grunntal x = 7 og kromosomtala 2n = 14 og 28. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Tårnsennep er framand og berre funnen éin gong i Noreg, som ugras på kompost i eit gartneri på Grefsen i Oslo i 1937. Det er mest truleg at frøa var komne inn med nordamerikansk korn, og at avfallet etter reinsing av kornet vart brukt som gjødsel i gartneriet.
Arten er heimleg i store delar av vestlege Nord-Amerika og i prærieregionen i Midtvesten. Funnet i Noreg synest vere det einaste i Europa.
Forvekslingar
Kjelder
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Goodson BE og Al-Shehbaz IA (2010). Descurainia Webb & Berthelot. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 518–529.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Tårnsennep Descurainia incana (Bernh. ex Fisch. & C.A.Mey.) Dorn. www.artsdatabanken.no/Pages/345565. Lasta ned <dag.månad.år>.