Orientkarse er framand og hovudsakleg komen inn med korn og transportmiddel. Det er nokså mange funn frå Noreg, men det siste er frå 1980, og arten er nok no borte frå norsk natur.

Kjenneteikn

Orientkarse er eitt- eller toårig og med ein opprett stengel opptil 45 cm. Han er kjenneteikna (ulikt alle andre Lepidium i Noreg) ved at grunnblada og dei nedre stengelblada er to gonger fjørdelte (og dei visnar tidleg), medan dei øvre stengelblada er heile, hjarteforma til om lag runde i omriss og med ein breitt stengelomfattande grunn. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Kronblada er små, smale og bleikgule, og dei er knapt lengre enn begerblada. Blomen har seks pollenberarar. Frukta er ei breitt elliptisk til breitt eggforma kortskulpe som er 3–4,5(–4,8) mm lang. Ho har ein smal vengjekant og ein kort griffel om lag jamlang med innhakket i vengjekanten.

Kromosomtal

Orientkarse er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Orientkarse er framand. Han blei først funnen i Trondheim (Sør-Trøndelag) i 1875 og 1876, i eit område med deponering av ballastjord, og ved Hegrenes-mølla i Bergen (Hordaland) i 1890. Arten kom nokså opplagt inn med korn og ballastjord frå Søraust-Europa. Det er ei mengd funn langsmed kysten frå Oslo til Hordaland (og i Skaun og Trondheim, Sør-Trøndelag) fram til 1930-talet, men deretter få funn og det siste frå Kristiansand (Vest-Agder) i 1980. Arten blei funnen i hamner og ved kornsiloar.

Orientkarse er heimleg i Søraust-Europa kring Svartehavet kor mykje av kornet kom ifrå, og austover i Asia, kanskje heile vegen til Kina. Elles er han utbreidd i kornområde i store delar av verda.

Kommentarar

Arten er eit godt døme på plantar som ein trudde kunne bli bufaste i Noreg, med ei mengd funn, men som blei borte att når importen stoppa opp.

Forvekslingar

Kontrasten mellom dei djupt fjørdelte nedre blada og dei heile, hjarteforma og stengelomfattande øvre blada, gjer at denne arten knapt kan bli forveksla med nokon annan norsk plante.

Kjelder

Carvalho e Vasconcellos J de, Akeroyd JR og Rich TCG (1993). Lepidium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 398–402.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Lid J og Lid DT (2005). Norsk flora. 7. utg. ved R. Elven. Det Norske Samlaget, Oslo. 1230 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 30/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Orientkarse Lepidium perfoliatum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345631. Lasta ned <dag.månad.år>.