Det er noko usemje om reddikslekta omfattar berre éin art eller fleire. I Noreg reknar vi no med to artar: villreddik med fleire rasar, og kulturarten hagereddik, men det er truleg at kulturplantane er foredla frå villreddik.

Reddikslekta har to artar i Norge: hagereddik og villreddik, sistnemnde her avbilda med den heimlege underarten havreddik.

Reddik-artane er eitt-, to- eller fleirårige urter. Hos dei toårige plantane veks rota ut til ein rotknoll (reddiken) på hausten første året og planten blømer andre året (om han ikkje vert hausta). Stengelen er opprett med djupt delte blad med stor endeflik. Begerblada er tiltrykte, og dei to indre er tydeleg sekkforma ved grunnen. Kronblada er store og anten kvite, lyst rosa eller gule, og med meir eller mindre tydelege, mørke årer. Slektskjenneteiknet er skulpa. Her er berre griffeldelen utvikla og blir til ei leddskulpe med fleire ledd (sjeldan berre eitt) og med eitt frø i kvart ledd. Skulpa opnar seg ikkje, men når ho mognar, fell ho anten av heil (hagereddik Raphanus sativus) eller ho brekk av ledd for ledd (villreddik Raphanus raphanistrum). I enden har skulpa eit langt nebb.

Reddikslekta har eit utbreiingsmønster som er typisk for storparten av våre gamle, europeiske kulturplantar; som heimleg er ho utbreidd i Europa (opphaveleg i sør), Nord-Afrika og Vest-Asia.

Reddikslekta eksemplifiserer eit problem som går att i mange slekter med kulturplantar: korleis ein skal handtere kultiverte plantar systematisk. Ein kan anten rekne dei som sjølvstendige artar eller som rasar av dei villartane dei opphaveleg truleg kjem frå. I reddikslekta fører Plants of the World Online (POWO) hagereddik som ein underart av villreddik, medan vi fører hagereddik som ein særskild art. Det er gode argument for begge løysingar.

Reddikslekta liknar mykje på mange andre kvit- og gulbloma krossblomar, men frukta er ulik. Ingen av dei andre, med unnatak for strandreddik Cakile, har leddskulper med to eller fleire ledd. Strandreddik har leddskulpe med berre to ledd, og oftast med to utvekstar eller horn mellom dei to ledda. Her er det nedre leddet veggdelen av skulpa og det øvre griffeldelen. Artane i reddikslekta har fleire ledd på skulpa og ingen utvekstar mellom ledda. På skulpa er berre griffeldelen utvikla, det vil seie med frø.

Kronblada er store og lyst rosa, gule eller, som her, kvite, og med meir eller mindre tydelege, mørke årer.

Skulpa er spesiell, og berre griffeldelen utviklar seg og blir til ei leddskulpe som ikkje opnar seg. Ho fell anten av heil (hagereddik) eller ho brekk av ledd for ledd som hos den avbilda arten, villreddik. I enden har skulpa eit langt nebb.

Kjelder

Chater AO (1993). Raphanus L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 417.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Warwick SI (2010). Raphanus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 438–440.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Reddikslekta Raphanus L. www.artsdatabanken.no/Pages/313809. Lasta ned <dag.månad.år>.