Tårnurt er ein heimleg og nokså særprega plante som sjeldan vert forveksla med andre plantar.

Tårnurt er ein heimleg og nokså vanleg plante på tørr mark nord til nordlege Nordland, med spreidde førekomstar vidare til Alta. Han er særprega med dei tettblada stenglane og den stivt opprette fruktstanden med tiltrykte frukter, og han blir difor lite forveksla.

Kjenneteikn

Tårnurt er toårig (sjeldan fleirårig), med ein rosett det første året og ein høg stengel opptil 1,2 m det andre året. Stengelen er litt håra nedst og oftast ugreina. Grunnblada er bukttanna til grunt flika, håra med uregelrett fleirgreina (dendroide) hår, og dei visnar tidleg. Stengelblada er svært ulike grunnblada. Dei er snaue, heile, blågrøne (kålgrøne) og pilforma og med ein bladgrunn som går kring stengelen. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet (jf. det norske namnet). Blomane er nokså små med bleikgule til kremkvite kronblad som er 4–6 mm lange, om lag 1,5 gong så lange som begerblada. Fruktstanden er stivt opprett med tiltrykte frukter. Frukta er ei grann, opptil 8 cm lang, langskulpe, noko samantrykt og med ein markert midtnerve på kvar skulpevegg. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom.

Tårnurt er oftast toårig. Han set ein rosett første året; andre året får han ein nokså høg og oftast ugreina stengel. Dei nedste blada visnar tidleg.

Blada høgare oppe på stengelen er snaue, heile, kålgrøne og pilforma og har ein stengelomfattande grunn.

Blomestanden er ein klase som strekkjer seg svært mykje i fruktstadiet. Blomane er små med bleikgule til kremkvite kronblad.

Fruktklasen er lang og stivt opprett med tiltrykte skulper.

Kromosomtal

Tårnurt er diploid (sjeldan tetraploid) med grunntal x = 6 (stundom 8) og kromosomtal 2n = 12 (16, 32). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Tårnurt er heimleg og veks på tørr mark, i rasmark og – som her i Skjolden i Luster (Sogn og Fjordane) – i berg, oftast på noko baserik grunn. Han veks òg på tørr kulturmark og skrotemark.

Tårnurt er heimleg og veks på tørr mark, i rasmark og berg, oftast på noko baserik grunn. Han veks òg på tørr kulturmark og skrotemark. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til mellomboreal sone og nokre stader litt inn i nordboreal sone og opp i lågalpint belte. Han er hyppig i låglandet og dalføra i heile landet nord til nordlege Nordland. Han er meir sjeldsynt i fjelldalane og i Troms og Finnmark nord til Alta. I fjellet kan han gå opp i sørberg og sørvendt rasmark, og han er funnen til 1150 moh. i Sikkilsdalen i Nord-Fron (Oppland).

Den globale utbreiinga er svært vid og omfattar heile dei tempererte områda i Europa, Asia og Nord-Amerika, Nordvest-Afrika og kanskje i fjellstrøk i sentrale Aust-Afrika.

Forvekslingar

Den einaste arten i norsk flora som tårnurt kan bli forveksla med – og då på avstand – er berggull Erysimum virgatum, men desse to skil seg i om lag alle karakterar, ikkje minst i dei gulkvite blomane og dei kålgrøne, stengelomfattande blada hos tårnurt. Tårnurt er dessutan snau på stengel og stengelblad, medan berggull er strihåra med tiltrykte, fleirgreina (malpighiske) hår.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Turritis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 458.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Arabis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 352–356.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Tårnurt Turritis glabra L. www.artsdatabanken.no/Pages/345684. Lasta ned <dag.månad.år>.