Strandreddik
Cakile maritima
Strandreddik er heimleg og er ein vanleg plante på havstrand i om lag heile Noreg, frå Østfold til Aust-Finnmark og frå ytterkysten inn til fjordbotnane. Han veks på sandstrender, grusstrender og tangvollar og kan setje farge på heile stranda med dei oftast bleikfiolette blomane.
Kjenneteikn
Strandreddik er ei eittårig, oftast saftfull og snau urt, oftast lågare enn 50 cm. Stengelen er nedliggjande eller opprett. Blada varierer mykje i utsjånad. Dei kan vere frå grunt rundtanna til djupt fjørdelte og dobbelt fjørdelte med trådsmale flikar. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg nokså mykje i fruktstadiet. Blomane er nokså store og har honninglukt. Begerblada er opprette. Kronblada er bleikfiolette til kvite. Fruktene er særprega. Dei er leddskulper med to ledd som ikkje opnar seg. Det nedste skulpeleddet (veggdelen) er anten utan frø eller har eitt frø. Det øvre skulpeleddet (griffeldelen) har alltid eitt frø. Om begge ledda har frø har nokre rasar to tydelege horn i overgangen mellom ledda. Det øvre skulpeleddet inneheld flytevev, losnar tidleg og spreier seg med havstraumar, medan det nedre skulpeleddet blir sitjande att og spreier seg saman med heile planten, dels lokalt og dels òg med havstraumar.
Kromosomtal
Strandreddik er diploid med grunntalet x = 9 og kromosomtalet 2n = 18. Teljingar er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Strandreddik er heimleg og er strengt knytt til havstrand: på sandstrender, grusstrender og i tangvollar. Dei store spreiingseiningane (diasporane) må vere nedgravde for å kunne spire; ustabilitet i substratet er difor ein føresetnad for at arten skal kunne formeire seg. Han er utbreidd langsmed heile kysten, frå nemoral til subarktisk sone, frå svenskegrensa i sør til Grense Jakobselv i nordaust. Han er òg funnen éin gong på Svalbard (sjå ishavsreddik subsp. islandica). Elles er arten vidt utbreidd i Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia og kulturspreidd til Nord-Amerika (sjeldsynt på austkysten, nokså vanleg på vestkysten) og til austlege Sør-Amerika (Argentina og Uruguay), Australia og New Zealand.
Strandreddik blir spreidd med havstraumar. Om hausten blir plantematerialet på stranda frakta på sjøen med vind og bølgjer, og det driv i land att på andre stader. Bestanden med blømande og fruktifiserande plantar på den einskilde stranda på sommaren, er difor berre ein liten del av den store populasjonen som kan omfatte heile kyststrekningar. Dette er òg årsaka til at ein svært ofte finn ulike plantar, frå to eller fleire underartar og med mellomformer, på ei einskild strand.
Kommentarar
Strandreddik er svært formrik. I Flora Europaea (Ball 1993) er fire underartar aksepterte, to av desse frå Norden. Plants of the World Online (POWO) aksepterer fire underartar, tre av desse frå Norden. Vi reknar med fire underartar i Noreg og Norden. Skilnadane ligg hovudsakleg i kor mykje blada er oppdelte og i korleis frukta er utforma. Dei fire underartane som vi reknar med, har òg noko ulik utbreiing og økologi. Dei er truleg fullt interfertile og set hybridar overalt kor dei veks saman, men det er ein mekanisme som gjer at desse hybridane ikkje viskar ut dei morfologiske grensene mellom underartane. Rodman (1976) synte at fruktene hos Cakile hadde eit stort antal ulike glykosinolat (sennepsolje-glykosid) som var ulike hos ulike artar og underartar. Desse er eit forsvar mot beite frå insektlarvar. Hos hybridar synest desse spektera av glykosinolat å bli forstyrra, og vi har observert at tydelege hybridar svært ofte har heilt oppetne frukter når sesongen er på hell, medan plantar som tydeleg høyrer til den eine eller den andre underarten, er mykje mindre oppetne. Truleg er dette kjemiske forsvaret årsak til at underartane ikkje går meir over i kvarandre enn dei gjer.
Forvekslingar
Ein skal slite litt med å forveksla strandreddik med nokre andre krossblomar. Kombinasjonen mellom dei saftfulle blada og bleikfiolette (om enn stundom kvite) blomar er unik.
Kjelder
Ball PW (1993). Cakile Miller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 413–414.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R (2007). Cakile Mill. I Flora Nordica. Upublisert manus.
Elven R og Gjelsås T (1981). Strandreddik (Cakile Mill.) i Norge. Blyttia 39: 87–106.
Fægri K (1970). Norges planter. Bind I. J.W. Cappelens forlag, Oslo.
Lagerberg T, Holmboe J og Nordhagen R (1955). Våre ville planter. Bind III. Johan Grundt Tanum, Oslo.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Rodman JE (1974). Systematics and evolution of the genus Cakile (Cruciferae). Contributions from the Gray Herbarium 205: 3–146.
Rodman JE (1976). Differentiation and migration of Cakile (Cruciferae): Seed glucosinolate evidence. Systematic Botany 1: 137–148.
Rodman JE (2010). Cakile Miller. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 424–428.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Strandreddik Cakile maritima Scop. www.artsdatabanken.no/Pages/345529. Lasta ned <dag.månad.år>.