Lapprublom
Draba lactea
Lapprublom er heimleg og har ei markert todelt (bisentrisk) utbreiing i fjellet i Skandinavia. Han er òg vanleg på Svalbard. Arten har vore omstridt i lang tid, men har vore tema for ei svært omfattande genetisk og molekylær undersøking og er no godt klårlagt.
Kjenneteikn
Lapprublom er ei fleirårig urt som veks i grisne tuver. Rosettblada har lange, ugreina kanthår og på undersida nokre ørsmå, uregelrett fleirgreina (dendroide) hår ut mot spissen (bruk sterk lupe!). Hos nokre plantar kan desse håra mangle. Blomestenglane er bladlause og oftast snaue, men ein sjeldan gong kan dei ha nokre spreidde, fleirgreina hår. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Blomane er nokså store, med kvite kronblad som er 3–5 mm lange med omvendt eggforma plate og som sprikjer (blomane er heilt opne). Fruktstanden er kort. Frukta er ei snau, smalt eggforma til elliptisk skulpe, med ein tydeleg griffel opptil 0,4 mm.
Kromosomtal
Lapprublom er heksaploid (sjeldan tetraploid) med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 48 (36). Mange teljingar (av 2n = 48) er utførte på norsk materiale (sjå Knaben 1966). Vi var tidlegare i tvil om teljingane av tetraploide tal var riktige, men Grundt mfl. (2005) synte at plantar frå Alaska og Grønland, som morfologisk og molekylært høyrer til denne arten, var tetraploide. Éi noko forvirrande teljing av diploid Draba lactea skuldast forveksling med snørublom Draba nivalis med stjernehår berre i bladkanten (sjå denne).
Økologi og utbreiing
Lapprublom er heimleg og veks på fuktig grus, fuktige berghyller og i mosematter i fjellet, i fuktig tundra og på polygonmark i Arktis, oftast på baserik grunn. Utbreiinga ligg i lågalpint til litt opp i høgalpint belte og i mellom- og nordarktisk sone. Arten har ei utprega todelt (bisentrisk) utbreiing i fjellkjeda. I sør er han nokså sjeldsynt og hovudsakleg funnen i vestlege fjell i Lom (Oppland) og Luster (Sogn og Fjordane) og i Sunndalsfjella og Trollheimen i Sunndal (Møre og Romsdal) og Oppdal og Rennebu (Sør-Trøndelag). I nord er han noko mindre sjeldsynt og utbreidd frå Rana, Saltdal og Beiarn (Nordland) nord til Kvænangen (Troms) og med éin dokumentert førekomst i Alta (Finnmark). Han er funnen opp til mellomalpint belte på 1600 moh. i Oppdal (Sør-Trøndelag) og til truleg høgalpint belte på 1560 moh. i Målselv (Troms). Fleire rapportar frå andre område byggjer på opplagt feilidentifisert materiale. For utbreiinga i Fastlands-Noreg, sjå Engelskjøn (1990). I Arktis er arten vanleg på Spitsbergen og delar av Nordaustlandet og funnen på nokre av øyane ikring, men ikkje på Bjørnøya.
Den globale utbreiinga er arktisk sirkumpolar, og arten er vanleg i storparten av dei arktiske områda på Grønland, i Nord-Amerika, Russisk fjerne austen og Sibir vest til nordlege Ural og Novaja Semlja i Russland. I Europa er han berre funnen sør til Sør-Noreg.
Kommentarar
Det følgjande er ei oversetjing frå Elven mfl. (2011, Panarctic Flora): “Draba lactea er genetisk ein allopolyploid art [ein art oppkomen ved kromosomdobling frå ein hybrid mellom andre artar] som antyda av, til dømes, Knaben (1966) og dokumentert med fiksert heterozygositet av Brochmann mfl. (1992). Knaben og fleire andre føreslo eit opphav frå diploidane Draba fladnizensis og Draba nivalis. Dagens kunnskap (Grundt mfl. 2004) peiker heller mot eit opphav frå den diploide og tetraploide arten Draba palanderiana frå områda kring Beringstretet, det vil seie taksonomisk autopolyploidi, i det minste så lenge som dei to kromosomtalsnivåa innanfor Draba palanderiana er inkluderte i éin art. Rapportar om problem med avgrensing mot Draba fladnizensis og hyppige mellomformer ... har ikkje noko grunnlag. Dei to artane skil seg konsistent både i molekylære markørar (Scheen mfl. 1999, Grundt mfl. 2004, og fleire tidlegare undersøkingar) og i morfologi. Mellomformer eller naturlege hybridar er aldri funne, og kunstig framstilte hybridar er sterile (Brochmann mfl. 1993)”.
Hybridar med lapprublom er rapporterte for tre andre artar. Hybridar med gullrublom, Draba alpina × Draba lactea, er sterile og funne i Målselv (Troms) og mange stader på Spitsbergen. Hybridar med bleikrublom, Draba lactea × Draba oxycarpa, er sterile og funne i Oppdal (Sør-Trøndelag) og mange stader ved Isfjorden og Kongsfjorden på Spitsbergen. Dette er truleg ein nokså vanleg hybrid på Svalbard. Hybridar med bergrublom, Draba lactea × Draba rupestris, er rapporterte frå Nordreisa (plausibel) og Bardu (mykje meir tvilsam), begge i Troms. Det er førebels uvisst om denne hybriden verkeleg førekjem.
Forvekslingar
Den mest aktuelle forvekslinga er mellom lapprublom og alperublom Draba fladnizensis. Lapprublom har mykje større blomar enn alperublom og dei er heilt opne; han har breiare blad og skulper, og blada har, i tillegg til lange, ugreina kanthår, nokre ørsmå, fleirgreina (dendroide) hår på undersida ut mot spissen. Det er òg vanleg med forvekslingar mellom lapprublom og lite håra former av bergrublom Draba rupestris. Desse skil seg i hårklednad. Blada hos lapprublom har ugreina kanthår og nokre ørsmå, uregelrett fleirgreina (dendroide) hår på undersida mot spissen; bergrublom har meir uregelrette hår både i kanten og på flatane. Blomane hos lapprublom er dessutan vidopne, medan dei berre er halvt opne hos bergrublom. For fleire skiljekarakterar, sjå Elven mfl. (2022).
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Windham MD og Elven R (2010). Draba Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 269–347.
Bretten S (1973). Slekta Draba i Knutshø – Finshø-området på Dovre. Sider ved dens systematikk og autøkologi. Cand. real.-oppgåve, Universitetet i Trondheim, Trondheim.
Brochmann C, Borgen L og Stedje B (1993). Crossing relationships and chromosome numbers of Nordic populations of Draba (Brassicaceae), with emphasis on the D. alpina complex. Nordic Journal of Botany 13: 121–147.
Brochmann C, Soltis DE og Soltis PA (1992). Electrophoretic relationships and phylogeny of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). Plant Systematics and Evolution 182: 35–70.
Brochmann C, Soltis PS og Soltis DE (1992). Recurrent formation and polyphyly of Nordic polyploids in Draba (Brassicaceae). American Journal of Botany 79: 673–688.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Arnesen G, Alsos IG og Sandbakk B (2020). Svalbardflora. https://svalbardflora.no.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Elven R, Murray DF, Razzhivin V og Yurtsev BA (red.) (2011). Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF). http://panarcticflora.org/
Engelskjøn T (1990). Draba lactea Adams. I O Gjærevoll (red.), Maps of distribution of Norwegian vascular plants. II. Alpine plants: 59 + pl. XV.
Grundt HH (2003). The arctic-alpine polyploid Draba lactea and its low-ploid relatives – evolution and taxonomy. Dr. scient-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.
Grundt HH, Obermayer R og Borgen L (2005). Ploidal levels in the arctic-alpine polyploid Draba lactea (Brassicaceae) and its low-ploid relatives. Botanical Journal of the Linnean Society 147: 333–347.
Grundt HH, Popp M, Brochmann C og Oxelman B (2004). Polyploid origins in a circumpolar complex in Draba (Brassicaceae) inferred from cloned nuclear DNA sequences and fingerprints. Molecular Phylogenetics and Evolution 32: 695–710.
Knaben G (1966). Cytotaxonomical studies in some Draba species. Botaniska Notiser 119: 427–444.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 19/12/2022
Scheen A-C (1999). Molecular and morphological variation in Draba lactea (Brassicaceae) and its putative progenitors in Svalbard. Cand. scient-oppgåve, Universitetet i Oslo, Oslo.
Scheen A-C, Elven R og Brochmann C (2002). A molecular–morphological approach solves taxonomic controversy in arctic Draba (Brassicaceae). Canadian Journal of Botany 80: 59–71.
Scheen A-C, Grundt HH, Brochmann C, Elven R og Spjelkavik S (1999). The arctic hexaploid Draba lactea and its putative progenitors. Det Norske Videnskabs-Akademi. I. Matematisk-Naturvitenskapelig Klasse. Skrifter, Ny Serie 38: 261–268.
Walters SM og Akeroyd JR (1993). Draba L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 372–377.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Lapprublom Draba lactea Adams. www.artsdatabanken.no/Pages/345585. Lasta ned <dag.månad.år>.