Svensk skrinneblom
Arabidopsis suecica
Svensk skrinneblom er framand og ein nokså ny art i norsk flora. Han kom inn frå Sverige til gruvene på Røros i 1939. Sidan har han dei siste meir enn 80 åra spreidd seg mykje ut herifrå og frå andre grenseovergangar mellom Sverige og Noreg.
Kjenneteikn
Svensk skrinneblom er ei eittårig urt. Ho har heile, tanna eller grunt flika rosettblad som er noko håra med uregelrett greina hår. Stengelen kan bli opptil 40 cm høg, men er oftast lågare, og han er oftast greina, med få og små stengelblad, dei nedre ofte tanna. Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Blomane er små, sjeldan meir enn 10 mm breie, og ofte berre halvt opne. Kronblada er 4–6 mm lange, kvite med gul flekk på skaftet men utan tenner. Frukta er ei 2–3 cm lang, grann langskulpe på sprikjande skaft. Ho er 3–4 gonger så lang som skulpeskaftet, med ein 0,3–0,7 mm lang griffel. Det er éi rekkje frø i kvart skulperom, og frøa er 0,7–0,9 mm breie.
Kromosomtal
Svensk skrinneblom er ein diploid (men genetisk allopolyploid) art med eit sekundært grunntal på x = 13 (5 + 8) og kromosomtal 2n = 26 (20–28). Grunntalet er ein kombinasjon av x = 5 frå Arabidopsis thaliana og x = 8 frå Arabidopsis arenosa. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Svensk skrinneblom er framand og veks på tørr, sur til basisk, men oftast næringsfattig grunn. Han er mest utbreidd på vegkantar, langsmed jernbanar (no vanleg på storparten av jernbanestasjonar på Austlandet og i Trøndelag) og på anna skrotemark i tettstader. Han kom inn med transportar frå Sverige og blei først funnen ved Kongens gruve i Røros (Sør-Trøndelag) i 1939 (sjå Vogt 1943). Han blei fort bufast og spreidde seg raskt vidare langsmed jernbanen frå Røros, sidan òg langsmed vegar og andre jernbanestrekningar vestover frå Sverige, både på Austlandet, langs Meråkerbanen og vegane frå Jämtland til Trøndelag, og med Ofotbanen frå Torne lappmark til Narvik. Spreiinga har vore særleg sterk langsmed jernbanen. Arten er no spreidd til lokalt vanleg på heile Austlandet (og over til Rauma i Møre og Romsdal), i Trøndelag og nordover langsmed Nordlandsbanen til Grong (Nord-Trøndelag), Grane og Vefsn (Nordland, og separat innkomen i Narvik med Ofotbanen), og han er òg funnen i Tromsø (Troms). Arten går heilt opp i snaufjellet og frøformeirar seg der, til 1100 moh. i Dovre (Oppland).
Svensk skrinneblom er ein allotetraploid hybridart som truleg er oppstått fleire gonger, minst éin gong i Finland eller Nord-Russland og éin gong i Mellom-Europa. Våre plantar kjem nok frå plantane som oppstod i Finland – Russland. Globalt er arten kjent frå Mellom- og Nord-Europa aust til dei vestlegaste delane av europeisk Russland.
Kommentarar
Svensk skrinneblom er ein av dei mest studerte av alle allopolyploide plantar. Slike plantar har kome opp frå hybridisering mellom ulike andre plantar ved kromosomdobling. Tidlegare blei dei to foreldreartane rekna til kvar si slekt, vårskrinneblom til Arabidopsis og sandskrinneblom til Cardaminopsis. Den gongen var ulikt grunnkromosomtal, x = 5 i vårskrinneblom og x = 8 i sandskrinneblom, nok til å godta to slekter, og Löve (1961) drog konsekvensen og beskreiv den nye slekta Hylandra for å huse allotetraploiden svensk skrinneblom som Hylandra suecica (Fr.) Á.Löve.
Svensk skrinneblom har vore eit standard døme på allopolyploid evolusjon, med ei mengd undersøkingar (til dømes Mummenhoff og Hurka 1995, O’Kane mfl. 1996, Säll mfl. 2003, Jakobsson mfl. 2006, Novikova mfl. 2017, Burns mfl. 2021). Säll mfl. (2003) argumenterte for at arten berre har oppstått éin gong, medan andre meiner at det at arten finst i iallfall to godt skilde område, i Mellom-Europa og Nordaust-Europa, kan tyde på fleire opphav. Mummenhoff og Hurka (1995) argumenterte for at vårskrinneblom var mora og sandskrinneblom faren, og for at det var fleire opphav. Säll mfl. (2003) daterer opphavet til for om lag 20 000 år sidan, dvs. under siste istida.
Forvekslingar
Svensk skrinneblom liknar mest på dei to foreldreartane: sandskrinneblom Arabidopsis arenosa og vårskrinneblom Arabidopsis thaliana. Frå vårskrinneblom skil han seg mellom anna i at blomane er litt større, med kronblad som er 4–8 mm mot berre 2–4 mm hos vårskrinneblom, i at pollenknappane er litt lengre (0,5–0,8 mm mot 0,2–0,4 mm), og i at blada oftast er litt tanna, medan dei er heile hos vårskrinneblom. Frå sandskrinneblom skil han seg i at kronblada alltid er reint kvite med gul flekk på kronbladskaftet, medan dei ofte har litt rosa skjær og er utan gul flekk på skaftet hos sandskrinneblom, i at kronblada er opptil 6 mm lange, medan dei er meir enn 6 mm lange hos sandskrinneblom og i at blada sjeldan er flika, medan dei om lag alltid er nokså djupt flika hos sandskrinneblom. I tillegg er blomane mykje meir opne hos sandskrinneblom enn hos svensk skrinneblom.
Kjelder
Ball PW (1993). Arabidopsis (DC.) Heynh. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 322–323.
Burns R, Mandáková T, Gunis J, Soto-Jiménez LM, Liu C, Lysak MA, Novikova PY og Nordborg M (2021). Gradual evolution of allopolyploidy in Arabidopsis suecica. Nature Ecology & Evolution 5: 1367–1381.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Jakobsson M, Hagenblad J, Tavaré S, Säll T, Halldén C, Lind-Halldén C og Nordborg M (2006). A unique recent origin of the allotetraploid species Arabidopsis suecica: Evidence from nuclear DNA markers. Molecular Biology and Evolution 23: 1217–1231.
Löve Á (1961). Hylandra – A new genus of Cruciferae. Svensk Botanisk Tidsskrift 55: 211–217.
Mummenhoff K og Hurka H (1995). Allopolyploid origin of Arabidopsis suecica (Fries) Norrlin: Evidence from chloroplast and nuclear genome markers. Plant Biology 108: 449–456.
Novikova PY, Tsuchimatsu T, Simon S, Nizhynska V, Voronin V, Buras R, Fedorenko OM, Holm S, Säll T, Prat E, Marande W, Castric V og Nordborg M (2017). Genome sequencing reveals the origin of the allotetraploid Arabidopsis suecica. Molecular Biology and Evolution 34: 957–968.
O’Kane SL og Al-Shehbaz IA (2003). Phylogenetic position and generic limits of Arabidopsis (Brassicaceae) based on sequences of nuclear ribosomal DNA. Annals of the Missouri Botanical Garden 90: 603–612.
O’Kane SL, Schaal BA og Shehbaz IA (1996). The origins of Arabidopsis suecica (Brassicaceae) as indicated by nuclear rDNA sequences. Systematic Botany 21: 559–566.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Säll T, Jakobsson M, Lind-Halldén C og Halldén C (2003). Chloroplast DNA indicates a single origin of the allotetraploid Arabidopsis suecica. Journal of Evolutionary Biology 16: 1019–1029.
Vogt T (1943). Arabis suecica Fr. ved Røros, ny for Norge. Nytt Magasin for Naturvidenskapene 83: 75–76.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Svensk skrinneblom Arabidopsis suecica (Fr.) Norrl. ex O.E.Schulz. www.artsdatabanken.no/Pages/345497. Lasta ned <dag.månad.år>.