Havreddik er den heimlege underarten av villreddik. Her frå Tønsberg i Vestfold.

Vinteren 2013/2014 var stormfull, og særleg var stormane kring nyttår heftige. Dei reiv opp kystane kring Den engelske kanal, i Nord-Frankrike og i Belgia og Nederland, og både hus, kystvollar og plantar vart kasta på sjøen. Seinare dreiv vinden og havstraumane planterestane nordover, og ein god del av dei landa i Skagerrak og vart vaska i land i Oslofjord-området og nedover kysten til Agder. Mykje havreddik kom til Noreg på dette viset, og tusenvis av plantar dukka opp då fruktene spirte i dei djupe tangvollane. Sidan har planten, som dermed er heimleg, vore her.

Kjenneteikn

Havreddik er to- til fleirårig med ein stor rosett. Han har ein meir eller mindre opprett stengel som kan bli 50–75 cm høg, og skruestilte, djupt delte blad med stor endeflik. På bladet overlappar sideflikane kvarandre ved grunnen (ein skilnad mot landrareddik subsp. landra). Både stengel og blad er strihåra. Blomane sit i ein open klase og er store, med opprette begerblad og med 10–25 mm lange kronblad som er bleikgule, med mindre tydelege mørke årer enn hos åkerreddik. Skulpa har oftast 1–5 ledd som er om lag kuleforma og 5–10 mm breie. Kvart skulpeledd har eitt frø.

Blada er djupt delte og har ein stor endeflik. Sideflikane på bladet overlappar hos denne underarten (ein skilnad mot landrareddik).

Kromosomtal

Havreddik er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Havreddik er ein heimleg nykommar strengt knytt til havstrand med tangrestar, men han finst både på sandstrand, grusstrand og i reine tangvollar. Utbreiinga er no i nemoral og boreonemoral sone. Dei to første funna i Noreg er på Falkhaugstranda på Lista i Farsund (Vest-Agder) i 2001 ved Oddvar Pedersen og i Sandviki i Eigersund (Rogaland) i 2007 ved John Inge Johnsen, men desse førekomstane blei ikkje permanente. Noko anna blei det når store mengder frukter blei frakta til landet med dei ekstreme vinterstormane som reiv opp kystane i England, Nord-Frankrike og nordover i årsskiftet 2013/2014. Då dukka planten opp i tusenvis på ei mengd stader langsmed Skagerrakkysten frå Grimstad til Oslofjorden (då inn til Hurum, Buskerud) og i Østfold. Planten er no nokså bufast, i alle fall kring Oslofjorden og sørover til Telemark (sjå Solstad mfl. 2021). Utbreiinga elles er i Vest-Europa, det vestre Middelhavsområdet og (isolert) ved Svartehavet.

Arten har gått noko attende etter 2014, men frå 2017 til 2022 var han framleis til stades med bortimot 50 funn frå Oslo sør til Stråholmen i Kragerø (Telemark), og dessutan i Sola (Rogaland) i 2019.

Hovudtyngda av opplysningar som berre ligg under arten Raphanus raphanistrum høyrer med stor tryggleik til supsp. raphanistrum.

Kommentarar

Havreddik er eit døme på at unike eller usannsynlege hendingar kan vere avgjerande for utbreiinga til ein plante (eller ein annan organisme). Havreddik er ikkje den einaste planten som kom med desse vinterstormane i 2013/2014. Pedersen og Grøstad (2015) listar opp ei rekkje andre plantar som kom på same viset og til same tid. Det som er avgjerande her, er ikkje om planten har mogelegheit for å kome seg inn til Noreg, men om han har mogelegheit for å leva over her. I tidlegare tider kan det ha kome havreddik einskilde gonger, som i Farsund 2001 og Eigersund 2007, men no er klimaet endra slik at planten lettare kan byggje seg opp til ein reproduserande bestand.

Forvekslingar

På grunn av den store rosetten med blad med overlappande flikar og dei om lag kulerunde delfruktene, liknar havreddik ikkje så mykje på åkerreddik subsp. raphanistrum. Skilnadane mot landrareddik subsp. landra er meir uklåre. Begge desse rasane kan ha bladrosett, og begge har tjukke, om lag kulerunde delfrukter. Plants of the World Online (POWO) slår saman subsp. landra og subsp. maritimus under det første namnet, men både Chater (1993) og Stace (2019) gjev fleire karakterar som skil dei frå kvarandre. Havreddik har blad der bladflikane overlappar på dei nedre blada, og kronblad som oftast er 15 mm lange eller lengre, medan landrareddik har godt skilde bladflikar på dei nedste blada, og kronblad som er opptil 15 mm lange.

Kjelder

Chater AO (1993). Raphanus L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 417.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.

Pedersen O og Grøstad T (2015). Strandplanter på vandring - om nye, langdistansespredte havstrandplanter, spesielt på Lista. Blyttia 67: 75–94.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24.11.2021). Karplanter: Vurdering av havreddik Raphanus raphanistrum subsp. landra for Norge. Rødlista for arter 2021. Artsdatabanken. https://www.artsdatabanken.no/lister/rodlisteforarter/2021/17619

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Havreddik Raphanus raphanistrum subsp. maritimus (Sm.) Thell. www.artsdatabanken.no/Pages/345649. Lasta ned <dag.månad.år>.