Blågran er eit nordamerikansk fjelltre som kjem frå indre, kontinentale delar av Rocky Mountains. Arten er innført hovudsakleg som prydtre til landet og er eitt av dei mest brukte prydbartre i norske hagar og parkar i dag.

Blågran er eit av dei mest vanlege bartrea å sjå i norske hagar og parkar i dag, her i Øvre Eiker.

Kjenneteikn

Blågran kan bli eit stort tre. Unge kvistar er snaue. Toppknoppane på kvistane har noko tilbakebøygde knoppskjel. Nålene er firkanta i tverrsnitt. Dei er blågrøne med 3–7 striper med spalteopningar på kvar side. Dei står rett ut på alle sider av kvisten og er svært stive og kvasse (noko som ligg i det vitskaplege namnet ‘pungens’). Konglene er mellomstore, 5–10 cm lange, og har tynne kongleskjel med tanna kant. Konglene fell av etter 1–2 år. Blågran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Nålene hos blågran er stikkjande og reint blågrøne på alle sider. Knoppskjela er tilbakebøygde i toppen, ein diagnostisk viktig karakter.

Her synes både dei kvasse nålene og dei tynne kongleskjela med frynsete kant. Ein ser at nåla er firkanta i tverrsnitt.

Kromosomtal

Blågran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Blågran er hovudsakleg innført som prydtre, men òg noko brukt i skogbruket. Blågran er, ved sidan av serbargran Picea omorika, den mest brukte prydgrana i norske parkar og hagar i dag. Arten vart først rapportert som forvilla i 2004, er frøforvilla og er i ferd med å bli bufast. Det er spreidde funn av blågran i kystområde frå Østfold og Oslo til Nord-Trøndelag. Det er merkeleg at arten er funnen såpass få gonger i naturen i Noreg, ut frå at han er så mykje brukt som prydtre, og at han set så rikeleg med kongler. Arten er knytt til nemoral og boreonemoral sone.

Blågran kjem frå indre delar av vestlege Nord-Amerika i Rocky Mountains frå Wyoming sør til Utah, Colorado og New Mexico.

Kommentarar

Det finst minst 38 beskrivne kultivarar av blågran, og arten er mykje planta i tempererte strøk i verda. Arten er òg mykje brukt som juletre og til julepynt, men ikkje her i landet.

Forvekslingar

Blågran kan særleg bli forveksa med kvitgran Picea glauca og engelmannsgran Picea engelmannii. Alle desse tre artane har blågrønt til grågrønt nålverk. Blågran har, i motsetnad til kvitgran, noko tilbakebøygde knoppskjel i toppknoppane på kvistene, hos kvitgran er dei om lag tiltrykte. Engelmannsgran er unik i å ha mykje kjertelhår på årskvistane, noko dei to andre ikkje har.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Picea_pungens.php Lasta 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Taylor RJ (1993). Picea A. Dietrich. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 369–373.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Blågran Picea pungens Engelm. www.artsdatabanken.no/Pages/285840. Lasta ned <dag.månad.år>.