Engelmannsgran er eit fjelltre frå vestlege Nord-Amerika. Arten er innført i Noreg som parktre og noko til forstleg bruk, og han er stundom forvilla.

Kjenneteikn

Engelmannsgran kan bli eit stort tre. Unge kvistar er finhåra og har rikeleg med tydelege kjertelhår. Toppknoppane på kvistane har tilbakebøygde knoppskjel. Nålene er firkanta i tverrsnitt med 3–5 striper med spalteopningar på kvar side. Dei er spisse og grågrøne til blågrøne. Konglene er mellomstore, 2,5–7,5 cm lange, og med tynne kongleskjel med tanna kant. Konglene fell av etter 1–2 år. Engelmannsgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Kromosomtal

Engelmannsgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Engelmannsgran er ein kontinental og hardfør art, knytt til fjellskogsbeltet, gjerne på litt næringsrike veksestader. Arten er innført i Noreg som skogstre, i uvisst omfang, og vart først rapportert som forvilla i 1960. Engelmannsgran er bufast og truleg i auke, forvilla i skog, men truleg mykje oversett. Arten er dokumentert frå spreidde stader nord til Nordland og i innlandet inn til Røros i Sør-Trøndelag og Dovre i Oppland, frå nemoral til mellomboreal sone.

Engelmannsgran kjem frå vestlege Nord-Amerika og formar subalpine skogar i Rocky Mountains frå British Columbia i nord til Arizona og Mexico i sør.

Kommentarar

Veden frå dette sakteveksande treet frå fjellområde har ein fast, god struktur og blir brukt til musikkinstrument som akustisk gitar, fiolin og piano.

Forvekslingar

Engelmannsgran kan bli forveksla med andre artar av gran med blågrønt eller grågrønt nålverk og med nåler som er firkanta i tverrsnitt, særleg med blågran Picea pungens og kvitgran Picea glauca, men ho er unik i å ha mykje kjertelhår på årskvistane, noko ingen av dei to andre har.

Kjelder

American conifer society. https://conifersociety.org/conifers/picea-engelmannii/ Lasta ned 15/11/2023.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Taylor RJ (1993). Picea A. Dietrich. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 369–373.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Engelmannsgran Picea engelmannii Parry ex Engelm. www.artsdatabanken.no/Pages/285839. Lasta ned <dag.månad.år>.