Vrifuru er eit lyselskande tre frå vestlege Nord-Amerika. Treet er mykje dyrka i Noreg og forviller seg no i aukande grad. Det vitskaplege namnet, “contorta”, kjem opphavleg av at den rasen av vrifurua som veks langsmed Stillehavskysten, nominatrasen (rasen som ber artsnamnet, var. contorta), får vridde stammar, og det norske namnet, “vrifuru” er berre ei dårleg omsetjing av det vitskaplege. Dei norske trea har rette stammar.

Ei lita vrifuru har spirt opp i furuskogen på Lista.

Kjenneteikn

Vrifuru blir 15–20 m høg i Noreg, opptil 50 m i Nord-Amerika. Borken på stammen er gråpurpur og flaknar av seint, noko som er ein skilnad mot furu Pinus sylvestris. Unge kvistar er meir enn 5 mm tjukke, tjukkare enn hos furu. Knoppane er spisse og klisne av harpiks. Nålene sit to og to saman på kortskott og blir opptil 8 cm lange. Konglene er sitjande på kvisten, kan vere rette eller skeive, og dei står rett ut eller er bøygde noko bakover og oppover på kvisten. Kongleskjela har ryggstilt apofyse med ein tydeleg og ofte kvass pigg på umbo. Hos ein av dei tre rasane (var. latifolia) opnar nokre eller få kongler seg tidleg, medan andre eller storparten blir sitjande att på treet i lang tid utan å opne seg, i von om ein skogbrann då konglene opner seg og frøa blir spreidde. Hos ein annan av rasane (var. contorta) opnar om lag ingen seg før ein skogbrann. Hos den tredje (var. murrayana) opnar om lag alle konglene seg allereie andre året, utan nokon samanheng med skogbrann. Vrifuru spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa er eggforma og 4 mm lange, med ei om lag 1 cm lang vengje. Frøa er hovudsakleg vindspreidde.

Kromosomtal

Vrifuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Vrifuru er innført og planta som skogstre i nyare tid. Arten er òg noko brukt som prydtre. Vrifuru er først rapportert som forvilla i 1940 og er no bufast i landet og i rask auke. Arten veks frå nemoral til nordboreal sone. Han er dokumentert forvilla nokre stader i låglandet og kyststrøk, men er meir kjend frå sterk spreiing i fjellskogen, i alle fall nord til og med Trøndelag.

Som heimleg er vrifuru utbreidd i vestlege Nord-Amerika frå Alaska, Yukon Territory og British Columbia i nord, til Montana, Wyoming og Colorado i aust og til Mexico i sør.

Kommentarar

Vrifuru har tre rasar rekna som varietetar. Alle desse blir dyrka i Noreg. For detaljar om kva som skil dei, sjå kjenneteikn under varietetane. Alle varietetane er truleg forvilla i Noreg, men var. latifolia er den som er oftast dyrka og forvilla hos oss.

Forvekslingar

Vrifuru kan bli forveksla med furu Pinus sylvestris, bergfuru Pinus mugo og svartfuru Pinus nigra. Alle har nåler som sit to og to saman på kortskott. Følgjande karakterar skil desse artane frå kvarandre: Vrifuru har umbo med ein kvass tagg, og dessutan har ho, hos dei to oftast forvilla varietetane, serotine kongler der mange av konglene først opnar seg og spreier frøa etter ein skogbrann. Greinene har difor kongler av fleire årgangar i ein serie langsetter kvisten. Svartfuru har dei lengste nålene, opptil 18 cm lange, og kongleskjela har stor fargeskilnad mellom umbo, apofyse og nedre delen av kongleskjela. Bergfuru har om lag sitjande kongler som ikkje heng ned, medan furu har tydeleg skafta kongler som blir hengande. Furu har tynne kvistar og bork som flaknar av i tynne, oransjeraude flak på stammen.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Kral R (1993). Pinus Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 373–398.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Vrifuru Pinus contorta Douglas ex Loudon. www.artsdatabanken.no/Pages/285819. Lasta ned <dag.månad.år>.