Japanlerk blir eit noko uryddig tre i norske hagar, her i Trondheim.

Japanlerk kjem, som namnet seier, frå Japan. Ho vart innført til Noreg som skogstre og prydtre og er noko forvilla.

Kjenneteikn

Japanlerk er eit tre på opptil 25 m. Nålene sit 10 eller fleire saman i buntar på tappforma kortskott på eldre skott, medan dei sit enkeltvis på årsskott. Nålene er mjuke og fell av om hausten. Unge kvistar er lilla til lyst raudbrune, og dei er dogga av di dei har eit vokslag. Konglene er korte og opprette, og dei fell av heile. Kvar kongle har 30–60 kongleskjel. Kongleskjela er sterkt utbøygde i toppen, og dei er litt finhåra. Japanlerk spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Unge kvistar hos japanlerk har eit vokslag og ein raudleg/rosa farge.

På unge kongler stikk det treflika dekkskjelet langt framom kongleskjelet.

På mogne kongler er kongleskjelet vakse framom dekkskjelet, og toppen av kongleskjelet er sterkt bøygd tilbake.

Kromosomtal

Japanlerk er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Japanlerk er innført som skogstre, for leplanting og som prydtre. Ho vart innført som skogstre til Vestlandet frå Japan ca. 1870. Ho vart først dokumentert som forvilla i 1968, men spreidde seg truleg mykje tidlegare. Japanlerk er bufast, i auke og forvilla i skog, kystlynghei, på vegkantar og skrotemark. Japanlerk er hyppig på Vestlandet frå Rogaland til Møre og Romsdal, men er òg kjend frå Østfold, Oslo, Vestfold, Aust-Agder og Sør-Trøndelag. Ho er utbreidd frå nemoral til sørboreal sone. Ho er ljoskrevjande, likar seg ikkje på torv og føretrekkjer meir næringsrike stader enn dei andre lerkartane.

Den heimlege utbreiinga er begrensa til Japan, der arten veks i dei tempererte skogane på øya Honshu.

Kommentarar

Japanlerk kryssar seg med europalerk. Avkommet er fertilt og blir kalla hybridlerk Larix ×marschlinsii, sjå særskild omtale.

Forvekslingar

Japanlerk kan bli forveksla med dei andre innførte lerkartane, og kongler er viktige for identifikasjon av artane. Japanlerk har kongleskjel som er mykje utbøygde i toppen. Hybridlerk Larix ×marshlinsii har kongleskjel som er litt utbøygde i toppen. Europalerk Larix decidua har kongleskjel som er om lag rake i toppen, og sibirlerk Larix sibirica har kongleskjel som er litt innbøygde i toppen. Kvistane er lyst purpurfarga eller raudbrune hos japanlerk, oftast òg med tydeleg raudskjær hos hybridlerk, medan dei hos europalerk og sibirlerk er gulbrune og heilt utan raudskjær.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.

Franco, J do Amaral (1993). Larix Miller. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.). Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 40–44.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Japanlerk Larix kaempferi (Lamb.) Carrière. www.artsdatabanken.no/Pages/285830. Lasta ned <dag.månad.år>.