Veitchedelgran kjem frå fjellstrøk i Japan, der arten utgjer ein del av skoggrensa saman med mariesedelgrani. Arten er noko dyrka som prydtre i Noreg, til dømes i arboretet ved NMBU på Ås og i Botanisk hage på Tøyen i Oslo. Det er uvisst om han er forvilla i Noreg.

Kjenneteikn

Veitchedelgran blir eit mellomstort tre opptil 30 m. Unge stammar har gråkvit bork. Unge kvistar er slette eller berre grunt furete og tett dekte med brune hår som fell av tidleg. Knoppane har harpiks. Nålverket er mørkt grønt eller noko voksaktig. Nålene er noko ulikt lange, orienterte både ut til sidene og på oversida av kvistene, og noko framretta på oversida, men dei dekkjer ikkje kvisten på oversida. Den nedre rekkja av nåler er noko oppbøygd slik at den bleike undersida blir synleg ovanfrå. Nålene er 1–2,5 cm lange, utranda i enden, mørkt grøne og utan spalteopningar på oversida eller med nokre få i renna langsetter midten, medan undersida har to breie, kvite band, kvart med 13–15 striper med spalteopningar. Harpikskanalane er mediale, men ligg noko nærare undersida enn oversida. Konglene er 4–6 cm lange. Veitchedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Nålene hos veitchedelgran står ut til sidene og opp på kvistene, og dei vender noko framover.

På undersida har nålene breie kvite band med spalteopningar, slik at baret blir svært lyst på undersida. Knoppane har mykje harpiks.

Kromosomtal

Veitchedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Veitchedelgran er oftast eller kan hende alltid innført som prydtre. Arten er rapportert som forvilla fleire stader frå Stranda og Ålesund til Molde i Møre og Romsdal, men utan god nok dokumentasjon til at funna kan bli bekrefta. Dei funna som er gjorde, er i sørboreal sone.

Arten kjem frå sentrale fjellområde på øyane Honshu og Shikoku i Japan.

Kommentarar

Arten er namnsett etter John Gould Veitch (1839–1870) som i 1860 samla arten på Fuji-fjellet, til bruk som hageplante heime i England. Han var son i gartnarfirmaet James Veitch & Sons i London, eit firma som har eit stort ansvar (på godt og vondt) for innføring av austasiatiske artar som prydplantar i Europa.

Systematisk høyrer veitchedelgrana til seksjonen Balsamea, ei gruppe med åtte artar i Aust-Asia og Nord-Amerika, og i alle fall seks av desse er dyrka og forvilla i Noreg. Balsamedelgran Abies balsamea og fjelledelgran Abies lasiocarpa frå Nord-Amerika, og koreaedelgran Abies koreana, sakhalinedelgran Abies sachalinensis, sibiredelgran Abies sibirica og veitchedelgran frå Aust-Asia. Det er fleire fellestrekk for gruppa. For det første har knoppane mykje harpiks. For det andre sit nålene ikkje i tydelege rekkjer. For det tredje er nålverket oftast reint grønt på oversida, ikkje grågrønt eller blågrønt, med unnatak for fjelledelgran, og nålene manglar eller har berre nokre få spalteopningar på oversida, òg her med unnatak for fjelledelgran.

Forvekslingar

Veitchedelgran kan bli forveksla med fleire andre andre edelgranartar. Ho liknar truleg mest på sibiredelgran Abies sibirica og balsamedelgran Abies balsamea. Desse tre artane har knoppar med harpiks, slette unge kvistar utan furer, og eit noko avflata, grønt nålverk. Balsamedelgran og sibiredelgran har grå til gulgrøne unge kvistar, medan dei hos veitchedelgran er bleikbrune til svartbrune. Hos veitchedelgran bøyer nålene i den nedre rekkja på kvisten seg oppover, slik at den bleike undersida blir synleg ovanfrå, men det er ikkje slik hos dei to andre.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Veitchedelgran Abies veitchii Lindl. www.artsdatabanken.no/Pages/285851. Lasta ned <dag.månad.år>.