Vestamerikansk hemlokk i restane etter Lippes Arboret i Bymarka i Trondheim.

Vestamerikansk hemlokk har si heimlege utbreiing langsmed Stillehavskysten frå Nord-California nordover til Sør-Alaska, og austover til Montana og Alberta. Treet har eit høgt krav til fukt i luft og jord. Arten er innført som skogstre i Noreg. Han er eitt av dei innførte bartrea som spreier seg raskt.

Kjenneteikn

Vestamerikansk hemlokk kan bli eit stort tre opptil 50 m i Nord-Amerika, men sjeldan meir enn ca. 15 m i Skandinavia. Toppskotta er nikkande. Nålene er mjuke, flate og jambreie, og orienterte mest til to sider på kvisten. Dei er oftast tydeleg ulike i lengd, noko som er det som ligg i det vitskaplege namnet “heterophylla”. Dei har mørkgrøn overside utan spalteopningar, men har breie, kvite band av 6–10 striper med spalteopningar på undersida. Konglene er sitjande, hengande og små (1–2,5 cm lange). Vestamerikansk hemlokk spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

"Heterophylla" tyder at blada, her nålene, er ulike. Vestamerikansk hemlokk har avflata greinverk med ulikt lange nåler. Nålene er reint grøne på oversida, utan spalteopningar. 

Undersida av nålene hos vestamerikansk hemlokk har breie, kvite band med spalteopningar.

Kromosomtal

Vestamerikansk hemlokk er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Vestamerikansk hemlokk er innført som skogstre, men blir stundom òg dyrka som prydtre. Arten vart først rapportert som forvilla i første halvdel av 1900-talet. Han er no bufast og i rask auke i norsk natur. Særleg i kyststrøk vestpå og til Nordland er arten planta i stort omfang. Han set ei mengd med frø som lett spirer, og er difor ofte frøforvilla og stundom naturalisert, særleg i noko næringsrik skog. Han er rapportert frå Stange i Hedmark, men elles med ei nokså spreidd utbreiing i kyststrøk frå Ås og Bærum i Akershus til Farsund i Vest-Agder, og som hyppig til lokalt vanleg på Vestlandet frå Time i Rogaland til Halsa og Sunndal i Møre og Romsdal, i Hitra, Ørland og Trondheim i Sør-Trøndelag, og som sjeldsynt vidare nordover til Beiarn i Nordland. Hemlokk trivst ikkje i tørre område, men han kan vekse på tjukk råhumus. Han er knytt til nemoral til sørboreal sone.

Arten kjem frå vestlege Nord-Amerika. Den heimlege utbreiinga der er to-delt med ein hovuddel i kystfjella (Cascades mellom anna) og ein skild del i innlandet i Rocky Mountains, her i hovudsak i British Columbia. Dette området i British Columbia blir kalla “interior wet belt” på engelsk, og er det einaste området med innlands-regnskog i verda.

Vestamerikansk hemlokk set ei mengd med frø som spirar opp til småplanter i skuggen av mortrea. Dei stoppar veksten inntil det blir ei lysopning i skogen, då dei raskt skyt i været.

Vestamerikansk hemlokk veks ofte som ein høg, tett og mørk skog, òg der han er planta som her i Bymarka i Trondheim.

Kommentarar

Vestamerikansk hemlokk er svært skuggetolande og dannar i Nord-Amerika ofte reine bestandar med tre av om lag same alder. På Vestlandet spreier denne framande arten seg lett. Frø spirer opp til små plantar som kan stå og vente i fleire tiår på meir ressursar. Etter til dømes vindfall, brann eller hogst, skyt veksten fart. Nye trær kan altså vekse opp lenge etter at mortreet er borte.

Forvekslingar

Vestamerikansk hemlokk kan bli forveksla med andre hemlokkartar. Her i landet er det då tale om kanadahemlokk Tsuga canadensis og fjellhemlokk Tsuga mertensiana. Kombinasjonen av sitjande kongler og nåler av ulik lengd og til to sider på undersida av kvisten, skil vestamerikansk hemlokk frå dei to andre. Kanadahemlokk har òg nåler til to sider på undersida av kvisten, men konglene er kortskafta. Nålene sit kring heile kvisten hos fjellhemlokk og er grågrøne på alle sider, medan dei er reint grøne på oversida hos vestamerikansk hemlokk og kanadahemlokk.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Taylor RJ (1993). Tsuga (Endlicher) Carrière. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 362–365.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Vestamerikansk hemlokk Tsuga heterophylla (Raf.) Sarg. www.artsdatabanken.no/Pages/285843. Lasta ned <dag.månad.år>.