Sitkagran kjem frå vestlege Nord-Amerika. Ho vart først beskriven frå Sitka i Alaska, derifrå det vitskaplege namnet. Sitkagran er stats”blomen” i Alaska. I Noreg er ho mykje planta i kyststrøk og forvillar seg lett, særleg i kystlynghei og kystmyr.

Sitkagran set no sterkt preg på kystlandskapet i Noreg. Her frå Bulandet i Askvoll.

Kjenneteikn

Sitkagran kan bli eit svært stort tre på opptil 80 m i heimlanda, men blir ikkje så stor i Noreg. Unge kvistar er snaue. Nålene er flate og utan tydelege kjølar. Dei er stive, svært spisse og kvasse, 15–25 mm lange og blågrøne. Oversida av nålene har 2 band med 1–3 lite tydelege og avbrotne striper med spalteopningar på kvar side av midtnerven. Undersida har 2 breie band med 6–8 samanhengande striper med spalteopningar på kvar side av midtnerven. Oversida av nålene synest difor som grøn, medan undersida synest som gråkvit eller blåkvit. Konglene er 5–10 cm lange, hengande, sylindriske eller eggforma. Kongleskjela er nokså tynne, rombeforma til avlange og med tanna eller frynsete kant. Sitkagran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Oversida av nålene hos sitkagran er blankt grøne med nokre få og avbrotne striper av spalteopningar.

Undersida av nålene hos sitkagran har breie, kvite striper av spalteopningar. Kvistane er snaue.

Konglene hos sitkagran er lange og har tynne, frynsete kongleskjel.

Kromosomtal

Sitkagran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

I Noreg er sitkagran innført som skogstre i stort omfang, men ho vart først sikkert dokumentert som forvilla i 1972. Sitkagran er bufast, i rask auke og massivt naturalisert i kystlynghei, anna hei, kystmyr, og i all slags skog og på skrotemark. Ho er nokså sjeldsynt å sjå på Austlandet, men er svært vanleg i kyststrøk og kystnære strøk frå Vest-Agder nord til Ofoten og Lofoten og meir spreidd vidare til Midt-Troms, mogelegvis med førekomstar i Finnmark. Ho veks frå den nemorale til den mellomboreale sona, men etablerer seg òg i den nordboreale sona.

Sitkagran har si heimlege utbreiing langsmed vestkysten av Nord-Amerika frå Kodiak-øya i det sørvestlege Alaska sør til Mendocino i det nordlege California. Utbreiinga strekkjer seg som eit nokså smalt belte langsmed Stillehavskysten, sjeldan meir enn 50 km breitt, men med spreidde førekomstar inn til 200 km frå kysten. Sitkagrana veks frå havnivå og helt til tregrensa på ca. 1000 moh. i Alaska, men berre til rundt 400 moh. i California. Sitkagrana finst i område med eit relativt kjølig og fuktig, borealt klima (“boreal regnskog”), ofte på godt drenert og surt jordsmonn. Ho veks i reine bestandar eller saman med vestamerikansk hemlokk Tsuga heterophylla.

Kommentarar

Ein har trudd at det som har vore planta på Vestlandet, hovudsakleg er sitkagran, medan lutzgran Picea ×lutzii har vore planta meir nordover i landet. Det er nok ikkje så enkelt, og lutzgran har truleg vore planta i mykje større omfang enn ein har trudd. Skilnadane mellom lutzgran og sitkagran er uklåre, både på Vestlandet og i heimlanda.

Forvekslingar

Sitkagran kan vera vanskeleg å skilje frå lutzgran Picea ×lutzii. Sitkagran har nåler som er flate i tverrsnitt, og lutzgran har nåler som er ein stad mellom flate og firkanta (noko rombeforma, med ein låg kjøl på eine eller begge sider). Sitkagran har svært spisse og kvasse nåler, medan lutzgran har spisse, men noko mindre kvasse nåler. Sitkagran har nokre få, lite tydelege og avbrotne striper med spalteopningar på kvar side av midtnerven på oversida og er difor meir grøn på oversida enn lutzgran. Hos lutzgran er dessutan alle stripar med spalteopningar samanhengande. I kongler er det få karakterar som skil artane, og desse karakterane overlappar.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Taylor RJ (1993). Picea A. Dietrich. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 369–373.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Sitkagran Picea sitchensis (Bong.) Carrière. www.artsdatabanken.no/Pages/285837. Lasta ned <dag.månad.år>.