Gresk edelgran kjem frå fjellområda i Hellas. Arten er innført som prydtre og er funnen nokre få stader i seinare tid som forvilla i norsk natur.

Kjenneteikn

Gresk edelgran blir eit stort tre på opptil 30 meter. Unge stammar har gråbrun bork. Unge kvistar er furete, blankt lysbrune til mørkbrune og snaue. Knoppane er utan harpiks. Nålverket er mørkgrønt på oversida. Nålene står rett ut kring heile kvisten; dei er om lag jamlange og nokre av dei er bøygde oppover. Nålene er 1,5–3 cm lange, spisse og ofte kvasse. Spisse nåler er eit unnatak i Abies. Oversida av nålene er blankt grøn, med ei grunn renne og med frå nokre få spalteopningar nær spissen til fleire striper i renna. Undersida av nålene har to blankt kvite band, kvart med 6–10 striper med spalteopningar. Nålene har epidermale til mediale harpikskanaler. Konglene er 12–15 cm lange. Gresk edelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Gresk edelgran skil seg frå om lag alle andre artar i slekta ved dei kvasse nålene.

På undersida har nålene hos gresk edelgran to blankt kvite band med spalteopningar.

Kromosomtal

Gresk edelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Gresk edelgran er innført som prydtre, og arten vart først rapportert som forvilla i 2005. Han er i aukande bruk i hagar og er truleg i ferd med å bli bufast. Som hageplante kombinerer han dei positive trekka at han er hardfør, tørketolerant og resistent mot insektangrep med det negative trekket at han fort kan vekse seg stor, slik at han tidleg kan bli overdimensjonert i ein privathage. Gresk edelgran er funnen nokre få stader i Oslo og i Bærum i Akershus, i lågurtskog på kalkrik grunn, men arten er truleg noko oversett.

Gresk edelgran kjem frå fjellstrøk i Hellas der ho har ei oppsplitta og avgrensa utbreiing, mogelegvis med utpostar sør i Nord-Makedonia og i Albania.

Kommentarar

Gresk edelgran høyrer til same seksjon (Alba) som nordmannsedelgran Abies nordmanniana og edelgran Abies alba. Dei er alle tre nære slektningar, sjølv om edelgran har eit avflata nålverk i motsetnad til dei to andre.

Forvekslingar

Gresk edelgran kan truleg bli forveksla med andre edelgranartar, men spisse nåler skil gresk edelgran frå alle andre edelgranartar som er kjende forvilla i Noreg. Ho liknar truleg mest på nordmannsedelgran Abies nordmanniana. Begge desse har noko avflata nålverk, men gresk edelgran har spisse nåler. Medan gresk edelgran ikkje har harpiks i knoppane, varierer nordmannsedelgran i dette trekket; ho kan ha knoppar med eller utan harpiks (sjå arten).

Kjelder

American conifer society. https://conifersociety.org/conifers/abies-cephalonica/ Lasta ned 15/11/2023.

Chater AO (1993). Abies Miller. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Abies_cephalonica.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

EUFORGEN (European Forest Genetic Resources Programme). http://www.euforgen.org/species/abies-cephalonica/ Lasta ned 15/11/2023.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Gresk edelgran Abies cephalonica Loudon. www.artsdatabanken.no/Pages/285846. Lasta ned <dag.månad.år>.