Nordmannsedelgran kjem frå Kaukasus og den nordaustlege delen av Tyrkia. Arten er innført for juletredyrking og som prydtre, men i lite omfang som skogstre. Om du har hatt ei edelgran som juletre, er det meir enn 50 % sjanse for at det var denne arten.

Nordmannsedelgran er mykje dyrka for produksjon av juletre, men kan bli eit stort skogstre. Her i Steinkjer.

Kjenneteikn

Nordmannsedelgran er eit stort tre som kan bli opptil 30 m høgt eller meir. Unge stammar har grå bork. Unge kvistar er furete, bleikt grålege eller raudleg brune, og dei har mørkt raudbrune til svartbrune hår. Knoppane kan anten ha eller mangle harpiks, ein variasjon som er svært uvanleg i denne slekta. Nålverket er friskt til mørkt grønt på oversida, og nålene sit ikkje i fire tydelege rekkjer slik at nålverket ikkje verkar flatt. Nålene står horisontalt ut på undersida av kvisten, men står meir oppover på oversida, og alle nålene er retta noko framover. Nålene på oversida er tydeleg kortare enn dei på undersida og dekkjer kvisten. Nålene er 1,5–4 cm lange og vanlegvis utranda, sjeldan butte, i spissen. Oversida av nålene er friskt grøn til mørkgrøn, har ei tydeleg renne og er utan spalteopningar eller med nokre få, avbrotne striper med spalteopningar nær spissen. Undersida av nålene har to blankt kvite band, kvart med 8–9 striper med spalteopningar. Nålene har epidermale harpikskanalar. Konglene er 12–17 cm lange. Nordmannsedelgran spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa har vengje og er hovudsakleg vindspreidde.

Borken hos edelgranartane held seg glatt lenge, her hos nordmannsedelgran.

Undersida av nålene hos nordmannsedelgran har to blankt kvite band med spalteopningar.

Her er renna på oversida av nålene, med nokre striper med spalteopningar, synleg hos nordmannsedelgran.

Nålverket hos nordmannsedelgran er noko avflata, men nålene dekkjer oversida av kvisten. Oversida av nålene er mørkgrøn og oftast utan spalteopningar.

Kromosomtal

Nordmannsedelgran er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Nordmannsedelgran er innført som skogstre, prydplante og juletre. Arten vart først rapportert som forvilla i 1953, og han er bufast og i auke. Han er kjend frå spreidde stader på Austlandet inn til Oslo og i kyststrøk til Trondheim i Sør-Trøndelag, kanskje òg i Bodø i Nordland, men han kan vere noko oversett. Nordmannsedelgran er knytt til nemoral og boreonemoral sone.

Nordmannsedelgran kjem frå fjellområde kring Svartehavet i Nord-Tyrkia og Kaukasus.

Kommentarar

Nordmannsedelgran er kalla opp etter ein finsk biolog Alexander von Nordmann som var professor i botanikk i Odessa i Russland (no Ukraina) på 1800-talet. Nordmannsedelgran er svært mykje i bruk som juletre både i Noreg og elles i verda.

Forvekslingar

Nordmannsedelgran liknar noko på edelgran Abies alba, som ho truleg kan krysse seg med. Nålene sit i fire tydelege rekkjer ut til sidene hos edelgran og dekkjer ikkje oversida av kvisten. Hos nordmannsedelgran sit ikkje nålene i tydelege rekkjer, og dei dekkjer oversida av kvisten.

Kjelder

American conifer society. https://conifersociety.org/conifers/abies-nordmanniana/ Lasta ned 15/11/2023.

Chater AO (1993). Abies Miller. I Tutin TG, Burges NA, Chater AO, Edmondson JR, Heywood VH, Moore DM, Valentine DH, Walters SM, Webb DA, Akeroyd JR og Newton ME (utg.), Flora Europaea 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 39–40.

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Xiang Q-P, Wei R, Zhu Y-M, Harris AJ og Zhang X-C (2018) New infrageneric classification of Abies in light of molecular phylogeny and high diversity in western North America. Journal of Systematic Evolution 56: 562–572.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Nordmannsedelgran Abies nordmanniana (Steven) Spach. www.artsdatabanken.no/Pages/285847. Lasta ned <dag.månad.år>.