Sembrafuru er eit stort og svært langlevd tre som er innført som prydtre og skogstre. Sembrafuru kjem frå fjellstrøk i det sørlege Mellom-Europa.

Sembrafuru er eit vanleg prydtre i norske hagar og parkar, her i Trondheim.

Kjenneteikn

Sembrafuru blir eit tre på opptil 35 m. Stammen er gråbrun. Unge kvistar er tett filthåra. Nålene sit fem saman i kvar bunt på kortskott, og vanlegvis er dei 6–11 cm lange. Konglene er tønneforma, opptil 4–8 cm lange, og dei opnar seg ikkje. Knoppskjela er matt raudbrune med tydeleg, kvit hinnekant. Dei har endestilt umbo. Sembrafuru spreier pollenet om våren og er vindpollinert. Frøa er tjukke, store og utan vengje. Dei blir spreidde med fugl og pattedyr og blir difor spreidde over noko kortare distansar enn hos dei artane som hovudsakleg har vindspreidde frø.

Sembrafuru har fem nåler i kvar bunt. Her fotografert i ein sembrafuruskog i Nord-Italia.

Konglene hos sembrafuru er kort tønneforma og opnar seg ikkje. 

Her har ekorn plukka ut og spist frøene i kongler av sembrafuru.

Knoppskjela hos sembrafuru er matt raudbrune med tydeleg, kvit hinnekant.

Kromosomtal

Sembrafuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtalet 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Sembrafuru er innført både som prydtre og skogstre og er forvilla i alle fall mange stader i Sør- og Midt-Norge. Arten er særleg vanleg som forvilla i Trondheim (Prestø mfl. 2013).

Sembrafuru kjem frå fjellstrøk i Mellom-Europa. Den heimlege utbreiinga er knytt til subalpin sone i Alpane og i Karpatane, og i Alpane er ho eit dominerande treslag i dei kontinentale indre dalføra, dei såkalla "inneralpinen Trockentäler".

Kommentarar

Sibirsk sembrafuru og sembrafuru er nærskylde og blir ofte rekna som to underartar (subsp. cembra og subsp. sibirica). Dei er vanskelege å skilje utan godt materiale. I Finland er sibirsk sembrafuru rapportert som vanleg dyrka og som hardfør i om lag heile landet, medan sembrafuru berre er rapportert frå lengst sør i landet, under tvil (Hämet-Ahti mfl. 1992). Det er truleg at vi har det same mønsteret i Noreg. Sembrafuru er ikkje rapportert som naturalisert i Danmark eller Sverige.

Forvekslingar

Sembrafuru er svært lik sibirsk sembrafuru Pinus sibirica. Sembrafuru har matte, stripete og raudbrune knoppskjel med tydeleg, kvit hinnekant. Sibirsk sembrafuru har blanke knoppskjel utan striper og utan kvit hinnekant. Sembrafuru har kongler som er mindre enn 1,5 gonger så lange som breie, medan sibirsk sembrafuru har kongler som er meir enn 1,5 gonger så lange som breie. Dei to andre furuartane med fem nåler i kvar bunt, weymouthfuru Pinus strobus og silkefuru Pinus peuce, har begge snaue eller om lag snaue kvistar og ein heilt annan kongletype (sjå desse).

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Pinus_cembra.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Farjon A (2017). A Handbook of the World's Conifers (2 vols.): Revised and Updated Edition. Brill, Leiden-Boston. 1111 s.

Hartvig P (2015). Atlas flora danica. Gyldendal, København. 1230 s.

Hämet-Ahti L, Palmén A, Alanko P og Tigersted, PMA (1992). Suomen puu- ja pensaskasvio. Dendrologian Seura - Dendrologiska Sällskapet r.y., Helsinki. 373 s.

Nedkvitne K (1960). Inførde bartreartar som sår seg på Vestlandet. Tidskrift for skogbruk 68: 29–33.

Prestø T, Hagen D og Vange V (2013). Sembrafuru Pinus cembra invaderer bynært kulturlandskap. Eksempel fra Ladehalvøya, Trondheim. Blyttia 71: 16–26.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Sembrafuru Pinus cembra L. www.artsdatabanken.no/Pages/285820. Lasta ned <dag.månad.år>.