Buskfuru er ein underart av bergfuru. Han kjem frå fjell i Mellom- og Søraust-Europa frå Alpane og Jurafjella aust til Karpatane og Balkanfjella. I desse fjella veks buskfurua ofte som eit tett, ugjennomtrengeleg kratt opp mot skoggrensa, gjerne forvridd og forma av snøskred.

Kjenneteikn

Buskfuru er ein fleirstamma og krokete busk på opptil 5 m, ofte med kongler på greiner langt ned mot grunnen. Greinene er bøygde oppover, ofte noko mjuke (tilpassing til snøskred). Konglene er heilt rette og retta framover, og dei held seg opprette lenge. Apofysen på kongleskjela er flat eller svakt konveks.

Kongla hos buskfuru har om lag flat apofyse og ein kort tapp som umbo.

Kromosomtal

Buskfuru er diploid med grunntal x = 12 og kromosomtal 2n = 24.

Økologi og utbreiing

Buskfuru ble innført til Noreg direkte frå fjellområda i Sør- og Mellom-Europa kring 1860. Ho er hovudsakleg vorte innført som prydbusk og for å stabilisere sanddyner og hindre sandflukt. Buskfuru stiller små krav, både med omsyn til næring i jordbotnen og til klima, og ho verkar vere i spreiing i store delar av landet. Det meste av forvillinga er førebels knytt til nemoral og boreonemoral sone, men buskfuru er nok best tilpassa opne naturområde i kyststrøk og i høgareliggjande strøk.

Den heimlege utbreiinga til buskfuru strekkjer seg frå dei sørlege og austlege Alpane til Karpatane og Balkanhalvøya.

Kommentarar

Buskfuru er éin av tre underartar frå fjellstrøka nord for Middelhavet. Alle dei tre underartane er dyrka og funne forvilla i Noreg, men det er uvisst i kor stort omfang kvar av dei finst. Sjølv om underartane har overlappande utbreiing som heimlege, er dei oftast distinkte der ein finn dei. Valet står mellom tre artar, to artar med ein hybridart imellom (rotundata), éin art med tre underartar, som er løysinga vi har valt her, eller éin art med to underartar og ein hybrid-underart.

Forvekslingar

Buskfuru skil seg frå alpebergfuru subsp. rotundata og fransk bergfuru subsp. uncinata i at ho alltid er ein fleirstamma busk, medan dei to andre oftast er tre. Ein meir viktig skilnad er forma på apofysen på kongleskjelet. Hos buskfuru er han låg og ofte om lag flat, hos alpebergfuru er han tydeleg konisk, og hos fransk bergfuru er han høgt pyramideforma. Dette gjer at konglene hos dei tre underartane ser svært ulike ut. Hos buskfuru vender apofysen utover medan han særleg hos fransk bergfuru er bøygd nedover som eit breitt nebb.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 15/11/2023.

Earle, CJ (1997-2020). The Gymnosperm Database. https://www.conifers.org/pi/Pinus_mugo.php Lasta ned 15/11/2023.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jørgensen H og Rune F (2015). Træer og buske. Gyldendal, København. 356 s.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Buskfuru Pinus mugo subsp. mugo. www.artsdatabanken.no/Pages/305049. Lasta ned <dag.månad.år>.