Orientåkersennep
Rhamphospermum arvense var. orientale
Orientåkersennep er den meir sjeldsynte av dei to rasane av åkersennep, men han veks på same stader: i åker og på kulturmark. Han skil seg frå den andre rasen berre i hårklednad i øvre del av planten.
Kjenneteikn
Planten er håra øvst i blomestanden, på blome- og skulpeskaft og på skulpe. Han er òg håra lengre nede på stengelen og på blada.
Kromosomtal
Orientåkersennep er diploid med grunntal x = 9 og kromosomtal 2n = 18. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Orientåkersennep er den meir sjeldsynte av dei to rasane av åkersennep, men veks på same typen stader: i åkrar og åkerkantar, på vegkantar, anna tørr skrotemark, og stundom på havstrender der det er tangrestar. Han er funnen spreidde stader heilt nord til Tromsø (Troms) og Nesseby (Finnmark), men er oftast å sjå i låglandet på Austlandet, særleg kring Oslo og sørover til Østfold og Agder. Han er berre (nokolunde) bufast i nemoral og boreonemoral sone.
Kommentarar
Dei to varietetane av åkersennep er tydeleg ulike i hårklednad, men det er det heile. Elles skil deg seg lite eller ikkje i utbreiing og økologi, sett bort frå at orientåkersennep er mykje mindre hyppig å sjå enn snau åkersennep.
Forvekslingar
Kjelder
Chater AO (1993). Sinapis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 409–410.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Orientåkersennep Rhamphospermum arvense var. orientale (L.). www.artsdatabanken.no/Pages/345657. Lasta ned <dag.månad.år>.