Salatsennepslekta er ei lita som berre inneheld tre artar. Dei er hovudsakleg utbreidde i vestlege Middelhavsområdet i Sørvest-Europa og Nordvest-Afrika. Berre éin art er funnen i Noreg: den framande arten salatsennep.

Artane er eittårige med djupt flika blad. Begerblada er tiltrykte, og dei indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er kvite til bleikgule med påfallande fiolette årer. Frukta er ei langskulpe med eit tydeleg nebb som er meir enn 1/3 så langt som heile skulpa. Skulpeveggane har ein kraftig midtnerve. Frøa sit i to rekkjer i kvart skulperom.

Eruca-artane kan likne på artar i sennepslektene Sinapis og Rhynchosinapis, men skil seg frå desse ved at artar i salatsennepslekta har opprette begerblad der dei indre er sekkforma ved grunnen. Artar i sennepslektene har begerblad som står rakt ut og som er meir eller mindre like og utan slik sekkforma grunn.

Kjelder

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Tutin TG (1993). Eruca Miller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 410.

Warwick SI (2010). Eruca Miller. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 434–435.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Salatsennepslekta Eruca Mill. www.artsdatabanken.no/Pages/313788. Lasta ned <dag.månad.år>.