Rosettkarse
Cardamine hirsuta
Rosettkarse kan vere både heimleg og framand. Som antatt heimleg veks han på opne, oftast tørre stader i kyststrøk. Som framand er han komen inn med transportar og gartnerivarer og er vidt spreidd utanfor sitt antatt heimlege utbreiingsområde i Noreg.
Kjenneteikn
Rosettkarse er ei eittårig urt med stenglar opptil 25 cm, men oftast lågare. Planten er snau på stengelen og grissent håra på blada. Planten har ein mangeblada rosett som ikkje visnar tidleg, med rosettblad med 1–6 par sidesmåblad, og 0–4 små, finna stengelblad der småblada ofte har eit kort, grant skaft. Stengelblada er oftast mykje mindre enn rosettblada (skilnad frå skogkarse Cardamine flexuosa). Småblada, både på rosettblada og stengelblada, er elliptiske til avrunda, og endesmåbladet er oftast noko større enn sidesmåblada. Håra på blada (om dei finst) er granne, ikkje breiare nedst enn øvst (viktig skilnad mot skogkarse). Blomestanden er ein klase som ikkje strekkjer seg særleg mykje i fruktstadiet. Kronblada er 2,5–4 mm lange og kvite, men stundom manglar dei. Oftast er det berre fire pollenberarar (endå ein skilnad mot skogkarse som oftast har seks). Frukta er ei grann langskulpe på 10–25 mm med 0,2–1 mm lang, konisk griffel. Skulpa er oftast opprett, men sit på eit nokså kort, oppstigande skaft. Skulpene stikk opp over dei øvste blomane.
Kromosomtal
Rosettkarse er diploid (sjeldan tetraploid) med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16 (32). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Rosettkarse kan vere både heimleg og framand. Som antatt heimleg veks han på nokså grunnlendt mark i kratt og skogkantar, på berg og skjelsandbankar. Som opplagt framand er han komen inn med gartnerivarer i hagar, parkar, ved gartneri og på mange slags skrotemark. Han er lite nærings- og basekrevjande. Desse plantane er truleg komne frå lengre sør i Europa og er ofte nokså kortlevde, men dei dukkar opp på ei mengd stader kvart år.
Den antatte heimlege utbreiinga omfattar kanskje berre kyststrøka frå Østfold til Sogn, dvs. i nemoral og boreonemoral sone. Som opplagt framand er han funnen til sørboreal og litt inn i mellomboreal sone, på Austlandet nord til Tynset (Hedmark) og Ringebu (Oppland) og svært mange stader i kyst- og dalstrøk nord til Sortland (Nordland) og Ibestad og Tromsø (Troms). Han er funnen opp til 270 moh. i Lardal (Vestfold) som mogeleg heimleg, til over 620 moh. i Røros (Sør-Trøndelag) som opplagt framand. Det er data som tyder på at arten er i rask spreiing i Noreg i dag.
Den globale utbreiinga er vid. Ho omfattar om lag heile Europa, Nord- og Sentral-Afrika (men skilt av Sahara), og Asia og Australasia aust til Kina og Ny Guinea. Det er mogeleg at arten opphaveleg har vore avgrensa til Søraust-Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia (sjå Hartvig 2015). Hartvig reknar han som framand i Danmark, men kommenterer at han er rekna som heimleg i Tyskland, på Dei britiske øyane og mange andre stader i Vest-Europa. Han er vidt kulturspreidd i Nord- og Sør-Amerika, Sør-Afrika, Australia og New Zealand.
Kommentarar
Det eantatt heimlege og det opplagt framande materialet skil seg ofte mykje. Stace (2019) beskriv ein nærskyld art som er mykje spreidd på Dei britiske øyane: Cardamine corymbosa Hook. f., frå New Zealand. Han skil seg frå rosettkarse i at han har seks pollenberarar og i at han er heksaploid (2n = 48). Det norske materialet er ikkje studert enno.
Forvekslingar
Rosettkarse liknar på skogkarse Cardamine flexuosa, men det er fleire skilnadar. Rich (1991) fører opp dei følgjande som dei viktigaste: antal pollenberarar (rosettkarse har fire, sjeldan fem, skogkarse har seks), antal stengelblad (rosettkarse har 0–4, skogkarse har 4–10), og hårklednad på stengelen (rosettkarse er snau, skogkarse er håra, i alle fall nedst). I tillegg er altså håra på blada jamtjukke (eller heller jamgranne) hos rosettkarse, medan dei blir noko tjukkare mot grunnen hos skogkarse.
Kjelder
Al-Shehbaz IA, Marhold K og Lihová J (2010). Cardamine Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 464–484.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Fægri K (1960). Maps of distribution of Norwegian vascular plants. I. Coast plants. Oslo University Press, Oslo. 134 s. + LIV pl.
Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.
Jones BMG, Akeroyd JR og Marhold K (1993). Cardamine L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 346–351.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Rosettkarse Cardamine hirsuta L. www.artsdatabanken.no/Pages/345546. Lasta ned <dag.månad.år>.