Narresennep er framand og er hovudsakleg komen inn med korn og fuglefrø på 1900-talet. Arten har hatt mange førekomstar i Noreg, men det er svært få funn av han etter år 2000. Narresennep har vore innom fleire andre slekter, men har no førebels landa som einaste art i slekta Hirschfeldia.

Kjenneteikn

Narresennep er ei eittårig, eller kanskje stundom fleirårig, urt med opprett stengel som kan bli 70 cm eller høgare. Øvst har planten sprikjande greiner. Nedst er planten kvitt strihåra med ugreina hår. Grunnblada og dei nedre stengelblada er fjørdelte med stor endeflik; dei øvre stengelblada er tungeforma og bukttanna. Blomestanden er ein klase der dei opne blomane stikk høgare opp enn knoppane (ein viktig karakter i slekta Brassica og nærskylde slekter), og klasen strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er om lag 4 mm lange og opprette, og dei indre er litt sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule eller gulkvite, om lag 7 mm lange og kortskafta. Frukta er ei langskulpe som er 6–15 mm lang, litt knudrete (innsnørt mellom frøa), og tiltrykt stengelen. Veggdelen av skulpa har éin eller tre tydelege nervar, men desse nervane blir meir utydelege når skulpa mognar. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom, oftast med 2–6 frø i kvart rom. Griffeldelen av skulpa er eit nebb som er om lag halvparten så langt som veggdelen, og oftast med eitt eller to frø. Dette er ein viktig skilnad mot artar i kålslekta Brassica som ikkje har frø i griffeldelen av skulpa.

Kromosomtal

Narresennep er diploid med grunntal x = 7 (sjeldan 8) og kromosomtal 2n = 14 (16). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Narresennep er framand og er komen inn med korn ved møller, på lasteplassar og truleg ofte i seinare tid med fuglefrø. Han blei først funnen i Noreg ved Pienes mølle i Buvika i Skaun (Sør-Trøndelag) i 1924. I Danmark blei han først funnen i 1890, sjå Hartvig (2015). Dette tyder på at spreiinga inn i Nord-Europa er ganske sein. Han er funnen på Austlandet frå Oslo-området sør til Skiensfjorden, kring Kristiansand (Vest-Agder), fleire stader i Rogaland og i Hordaland. Kring Bergen er han funnen fleire stader der mølleavfall blei brukt som fôr i hønsegardar. I Sør-Trøndelag er han funnen ved møller og kornsiloar i Skaun og Trondheim. Det er mange funn i tiåra fram mot 1980, men etter 2000 er han dokumentert svært få stader: Moss (Østfold) i 2000 og 2001 i mølleområde og på deponi for organisk avfall; Hurum (Buskerud) i 2001, 2003 og 2008 på flisfylling, komen med tømmer; Stavanger (Rogaland) i 2002, kanskje på gammalt mølleområde; og Trondheim (Sør-Trøndelag) i 2001 på gatekant. Arten er truleg ikkje bufast nokon stad i Noreg no.

Den heimlege utbreiinga omfattar Middelhavsområdet i Sør-Europa, Nord-Afrika og Vest-Asia og austover til Iran. Elles er arten kulturspreidd til Mellom- og Nord-Europa, Sør-Afrika, Australia og vestlege Nord-Amerika.

Kommentarar

Gjennom tida har arten tilhøyrd sju ulike slekter, mellom desse kålslekta Brassica, svinesennepslekta Erucastrum, reddikslekta Raphanus, sennepslekta Sinapis og vegsennepslekta Sisymbrium. Dette syner kor vanskeleg det kan vere å tilordne nokre artar av krossblomar som kombinerer morfologiske karakterar som er rekna som diagnostiske (bestemmande) for ulike slekter. Her er det stor hjelp i molekylære markørar. Førebels ligg narresennepslekta som ei særskild grein i slektskapstreet (sjå, til dømes, Ziffer-Berger mfl. 2015).

Forvekslingar

Narresennep har skulper tiltrykte stengelen, noko som få andre av dei langskulpa og gulbloma krossblomane har. Han skil seg frå stakekarse Barbarea stricta i ei heilt anna skulpe med langt, spisst nebb og annleis bladform, og frå berggull Erysimum virgatum i bladform, skulpe og hår (berggull har smale, heile blad, langskulpe utan markert nebb, og tiltrykte gaffelhår). Han liknar mest på svartsennep Rhamphospermum nigrum, men her er ein viktig skilnad at narresennep oftast har eitt eller to frø i griffeldelen av skulpa, medan svartsennep ikkje har frø her, og i at skulpeveggane har tre nervar, medan åkersennepslekta Rhamphospermum berre har éin.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Tutin TG og Akeroyd JR (1993). Hirschfeldia Moench. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 412.

Warwick SI (2010). Hirschfeldia Moench. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 436.

Ziffer-Berger J, Hanin N, Fogel T, Mummenhoff K og Barazani O (2015). Molecular phylogeny indicates polyphyly in Raphanus L. (Brassicaceae). Edinburgh Journal of Botany 72: 1–11.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Narresennep Hirschfeldia incana (L.) Lagr.-Foss. www.artsdatabanken.no/Pages/345614. Lasta ned <dag.månad.år>.