Dagfiolslekta
Hesperis
Dagfiolslekta inneheld ein stad mellom 25 og 50 artar; alle veks hovudsakleg i Europa og Asia. Tre artar er funne i Noreg, og alle er framande.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Dagfiol-artane er to- til fleirårige, opprette urter, anten snaue eller med blanda ugreina og greina hår og stundom kjertelhår. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i frukt. Begerblada er tiltrykte, og dei indre er markert sekkforma ved grunnen. Kronblada kan vere rosa, kvite, brunlege til purpurfarga, eller hos nokre artar gule. Frukta er ei langskulpe med tydeleg midtnerve og med sidenervar på kvar skulpevegg, og med eit djupt toflika arr. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.
Antal artar rapporterte i slekta sprikjer frå 25 (Al-Shehbaz 2010) til 48 (Plants of the World Online, POWO). Det store avviket heng truleg saman med om ein reknar med nærskylde einingar som særskilde artar eller som underartar av færre artar. Dei er utbreidde i store delar av Europa og Nord- og Mellom-Asia, men ingen er heimlege i Noreg der vi har tre framande artar.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Hesperis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 562–563.
Ball PW (1993). Hesperis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 336–337.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Dagfiolslekta Hesperis L. www.artsdatabanken.no/Pages/313795. Lasta ned <dag.månad.år>.