Hønsereddik
Chorispora tenella
Hønsereddik er ein framand art som er komen inn som ureining i korn og ein sjeldan gong med ballastjord. Arten blei aldri bufast og er ikkje funnen meir enn éin gong sidan 1934, og då truleg gjenoppliva frå frøbank ikkje langt frå ei mølle i Sør-Trøndelag i 1981.
Kjenneteikn
Hønsereddik er ei eittårig urt med mykje skafta kjertlar (tjukkstilka kjertelhår) på blad, stenglar og frukter. Han kan òg ha ugreina eller greina hår utan kjertlar i spissen. Stenglane er opptil 40 cm høge. Blada er lansettforma; grunnblada er ofte grunt flika, stengelblada er grovt tanna til heile. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er tiltrykte, og dei indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er 10–12 mm lange og purpurfarga. Frukta er ei sprikjande, lang leddskulpe som sit på eit kort, sprikjande skaft. Veggdelen av skulpa brekk opp i ledd som kvart har to frø. Skulpa har ein frølaus griffeldel som utgjer 1/3 til 1/4 av heile skulpelengda. Arret er toflika. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.
Kromosomtal
Hønsereddik er diploid (sjeldan tetraploid) med grunntal x = 7 og kromosomtala 2n = 14 og 28. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Hønsereddik er framand og er komen inn med ballastjord og med korn, sidan spreidd ut med avfall frå kornreinsing i møller og kornsiloar. Slikt avfall vart brukt som hønsefôr ute på bygdene. Arten blei først funnen på ballastplassen Øra i Fredrikstad (Østfold) i 1896, neste gongen på garden Eik på Helgøya i Ringsaker (Hedmark) i 1903, her anten komen med såkorn eller avfall. Sidan dukka han ofte opp ved møller i nokre få tiår, truleg komen med korn frå Svartehavsområdet, fram til 1934. Dei andre funnplassane er Moss (Østfold) 1909 og 1913, i Oslo kring møllene på Torshov 1915–23 (og i hønsegard på Bestum 1906), Klevermyren i Larvik (Vestfold) 1907, ved mølla på Bølevegen i Skien (Telemark) i 1905–14 (i seks ulike år), i Meland 1910 (truleg i hønsegard), Modalen 1914 (truleg i hønsegard), Osterøy 1918 og 1923 (to stader, truleg i hønsegardar), og Bergen Hegrenes mølle 1927 og 1930, alle i Hordaland, og ved Pienes mølle i Buvika i Skaun i 1931 og 1934 og på Øysand i Melhus (nær mølla i Buvika 1981, truleg spirt opp frå frøbank), begge disse i Sør-Trøndelag. Fleire funn på same staden, og kanskje særleg i Skien, kan tyde på noko frøreproduksjon i Noreg, men arten blei aldri bufast.
Den heimlege utbreiinga er frå Søraust-Europa austover i tørre, varmtempererte og subtropiske område til Kina.
Forvekslingar
Hønsereddik har ingen opplagde forvekslingsartar; dei særprega kjertelhåra gjer at denne arten er ulik andre norske krossblomar.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Chorispora R. Brown ex de Candolle. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 510–511.
Ball PW (1993). Chorispora R. Br. ex DC. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 371.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Hønsereddik Chorispora tenella (Pall.) DC. www.artsdatabanken.no/Pages/345552. Lasta ned <dag.månad.år>.