Strandkål er ei umiskjenneleg urt som veks på sand- og grusstrand. Her frå Lista i Farsund i Vest-Agder.

Strandkål er heimleg og kanskje den lettast kjennelege av alle norske krossblomar. Arten er ei kjempeurt på opne havstrender der lite anna veks. Ho er synleg på langt hald med dei breie, krusete og blågrøne blada og dei store, kvite blomestandane. Arten har hatt ei uvanleg rask endring i utbreiinga si i Noreg frå hovudsakleg å vekse i Oslofjord-området fram til kring 1900, til spreiing langsmed kysten heilt nord til Trøndelag i nyare tid.

Kjenneteikn

Strandkål er ei fleirårig urt, opptil 70 cm høg (og oftast like brei eller breiare). Blad og stenglar er blågrøne (kålgrøne) og snaue. Blada er sukkulente og grovtanna eller grunt flika, og med karakteristisk krusete bladkant. Blomane sit i ein rikt greina skjermkvast, oftast med mange hundre blomar på kvar stengel, og blomestanden strekkjer seg lite i fruktstadiet. Begerblada er opprette til oppstigande. Kronblada er kvite og 6–10 mm lange. Frukta er svært karakteristisk. Veggdelen utviklar seg ikkje og sit som ein kort tapp mellom fruktskaftet og griffeldelen. Griffeldelen er kuleforma til eggforma, 6–12 mm brei og med eitt frø. Frukta opnar seg ikkje (nøttskulpe), men brekk av og blir spreidd med havstraumar. Ofte blir det òg sitjande att frukter på stengelen som brekk av på hausten og blir spreidd med vind og havstraumar.

Blad og stenglar er blågrøne og snaue. Blomane sit i ein rikt greina skjermkvast.

Blada er sukkulente og grovtanna eller grunt finna med ein karakteristisk krusete bladkant.

Frukta er særs karakteristisk. Det er berre griffeldelen som utviklar seg til ei kuleforma til eggforma nøttskulpe.

Kromosomtal

Strandkål er tetraploid (sjeldan diploid) med grunntal x = 15 og kromosomtal 2n = 60 (30). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Strandkål er heimleg og veks berre på havstrand, om lag berre på grovt substrat frå grov sand til rullestein. På rullesteinstrender kan han vere den einaste karplanten. Han er knytt til strender der det ligg att mykje tangrestar. Utbreiinga strekkjer seg frå nemoral til sørboreal sone. Arten er nokså vanleg langsmed kysten frå Østfold og Oslo til Karmøy (Rogaland), med meir spreidde førekomstar vidare nordover til Namsos (Nord-Trøndelag).

Arten er utbreidd i Nordvest-Europa frå Frankrike nord til Noreg og aust til Baltikum og Sør-Finland, og med eit separat delområde kring vestlege og nordlege Svartehavet. Han er ikkje funnen ved Middelhavet. Gapet mellom delområdet i Nordvest-Europa og det ved Svartehavet treng ei forklåring (men sjå òg austersjøreddik Cakile maritima subsp. baltica og vaid Isatis tinctoria).

Strandkål veks berre på havstrand og mest på grovt substrat frå grov sand til rullestein. Stundom kan han på rullesteinstrender vere den einaste karplanten, som her på Lista i Farsund kommune i Vest-Agder.

Kommentarar

Det mest særprega med den norske utbreiinga for strandkål er kor raskt ho har endra seg. Før år 1900 var arten berre kjent frå Oslofjord-området, frå Oslo sør til Hvaler (Østfold) og Larvik (Vestfold). Fram til 1920 hadde arten spreidd seg vidare til Skiensfjorden og Kragerø (Telemark) og med eitt funn på Sørlandet i Lillesand (Aust-Agder). I 1950 hadde han kome seg vidare til Lista i Farsund (Vest-Agder) og i 1980 til Rogaland (Jæren). Fram til 2000 hadde han spreidd seg til fleire stader i Hordaland og med to funn på 1980-talet i Sør-Trøndelag (Frøya og Trondheim). Fram til og med 2022 har han dukka opp både i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal (fleire stader), og nordgrensa ligg no i Nord-Trøndelag (Namsos, 2021). Spreiinga nordover har truleg samanheng med klimaendringar, særleg med lengre vekstsesong.

Forvekslingar

Strandkål har ingen mogelege forvekslingar. Den andre arten som er funnen i Noreg av denne slekta, oljekål Crambe hispanica, skil seg mykje frå strandkål. Oljekål har grøne, håra og ikkje sukkulente blad som ikkje er krusete i kanten, og dessutan har han mykje mindre blomar og frukt. Oljekål er dessutan berre funne nokre få gonger, og då berre på skrotemark og ikkje på havstrand der strandkål veks.

Kjelder

Ball PW (1993). Crambe L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 415–416.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad H, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Skogen A (1989). En forekomst av strandkål, Crambe maritima, i Hordaland. Blyttia 47: 179–181.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Strandkål Crambe maritima L. www.artsdatabanken.no/Pages/345540. Lasta ned <dag.månad.år>.