Stivsennep er framand, kanskje komen inn som hageplante og honningplante og forvilla. Han er funnen i bymiljø og på skrotemark nokre få stader i og kring Oslo.

Kjenneteikn

Stivsennep er ei fleirårig og grovvaksen urt med kraftig rot. Planten er snau eller håra nedst med korte, stive og meir eller mindre sprikjande hår. Han har mange, stivt opprette stenglar opptil 120 cm. Stengelen er tettblada med store, lansettforma og spisse blad. Desse er nokså regelrett tanna (aldri flika), eller dei kan stundom vere heile. Blomestanden er ein stor og brei topp med fleire klasar der toppen av unge frukter stikk opp over blomar og knoppar. Kronblada er 4–10 mm lange, gule og opp mot dobbelt så lange som begerblada. Frukta er ei 3–8 cm lang, oftast snau langskulpe. Ho står på eit sprikjande, 8–15 mm langt skaft som er mykje grannare enn skulpa, og skulpa er noko firkanta i tverrsnitt. Griffelen er kort og lite tydeleg av di skulpa smalnar gradvis mot toppen. Skulpa har éi rekkje frø i kvart skulperom. Frøa er 1,5–2,5(–3) mm lange.

Kromosomtal

Stivsennep er tetraploid (kanskje ein sjeldan gong diploid) med grunntal x = 7 og kromosomtal 2n = 28 (14). Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Stivsennep er framand og funnen på skrotemark fleire stader kring Botanisk hage på Tøyen i Oslo frå 1933 fram til no, truleg opphaveleg spreidd ut frå hagen. Han er òg funnen i Asker (Akershus), her truleg sådd ut som trekkplante for bier på 1960-talet, men funnen berre i 1993.

Den heimlege utbreiinga er i Sør-Europa, frå Frankrike og Italia austover til europeisk Russland og Kasakhstan.

Forvekslingar

Kombinasjonen av at alle blada er lansettforma, heile eller berre tanna, nokså korte, gule kronblad og sprikjande langskulper gjer denne arten ulik alle andre norske krossblomar, ikkje berre dei andre Sisymbrium-artane. Amursennep Sisymbrium luteum liknar noko på stivsennep, men har mellom anna mykje lengre kronblad og mykje kortare skulpe.

Kjelder

Ball PW (1993). Sisymbrium L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 318-321.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Stivsennep Sisymbrium strictissimum L. www.artsdatabanken.no/Pages/345677. Lasta ned <dag.månad.år>.