Steindodre er framand, innført som prydplante, og er funnen litt forvilla nokre stader i kyststrøk nord til Sunnmøre. Arten er truleg stundom bufast. Han kjem opphaveleg frå Mellom- og Sør-Europa, frå Tyskland og Italia austover til Tyrkia.

Kjenneteikn

Steindodre er ein halvbusk, forveda ved grunnen, men med stenglar som visnar i toppen om vinteren. Han kan bli opptil 50 cm høg. Planten er rikt og grått stjernehåra. Grunnblada er omvendt eggforma eller omvendt lansettforma og bukttanna eller heile. Dei er mykje større enn stengelblada (ein skilnad mot Alyssum). Blomestanden er ein halvskjermforma og ofte greina klase (på grensa til topp), og han strekkjer seg lite i fruktstadiet. Begerblada er 2–3 mm lange og ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er 3–6 mm lange eller lengre, gullgule og djupt utranda. Pollentrådane har ikkje vengjer eller lange utvekstar, men dei har nokre avrunda bulkar ved grunnen. Frukta er ei elliptisk til avrunda, flattrykt kortskulpe med skiljeveggen på langs. Ho er snau. Griffelen er kort, men tydeleg. Det er to breitt vengjekanta frø i kvart skulperom.

Blomestanden er ein halvskjermforma og ofte greina klase med gullgule, litt utranda kronblad.

Grunnblada er omvendt eggforma eller omvendt lansettforma og bukttanna eller heile.

Kromosomtal

Steindodre er diploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Steindodre er framand og innført som prydplante. Arten vart først funnen i naturen ved Jegersberg i Kristiansand (Vest-Agder) i 1956. Han blir oftast dyrka på berg og som steinbedplante, og han forvillar seg ved at greiner fell ned frå berg og rotslår, med hageutkast, eller han frøformeirar seg truleg stundom. Han er no funnen på berg, tørrbakkar, vegkantar og anna skrotemark og er truleg bufast. Det er kjent funn frå Moss (Østfold), Oslo og Bærum (Akershus), Drammen (Buskerud), Sandefjord og Larvik (Vestfold), Grimstad og Lillesand (Aust-Agder), Kristiansand (Vest-Agder), Time og Sandnes (Rogaland) og Stordal (Møre og Romsdal).

Den heimlege utbreiinga strekkjer seg austover frå Tyskland og Italia til Sør-Russland og Tyrkia. I sitt heimlege område er arten knytt til kalkberg, noko han kanskje er som forvilla i Noreg òg.

Forvekslingar

Steindodre kan kanskje bli forveksla med Alyssum-artar (steindodre har tidlegare vorte handsama som ein Alyssum-art), men skil seg i at han er ein halvbusk med gullgule blomar og snaue skulper, medan Alyssum-artane (i trong meining) er urter med stjernehåra skulper.

Steindodre kan bli forveksla med Alyssum-artar, og arten vart tidlegare handsama innanfor denne slekta. Alyssum er urter med stjernehåra skulper (som hos den avbilda arten grådodre Alyssum alyssoides), medan steindodre er ein halvbusk med snaue skulper.

Kjelder

Akeroyd JR (1993). Aurinia (L.) Desv. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 369–371.

Al-Shehbaz IA (2010). Aurinia Desvaux. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 253–254.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 13/4/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 13/12/2022

Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Steindodre Aurinia saxatilis (L.) Desv. www.artsdatabanken.no/Pages/345508. Lasta ned <dag.månad.år>.