Brunnkarse
Rorippa palustris
Brunnkarse har éin heimleg og éin framand rase. Sumpbrunnkarse er heimleg og vanleg over store delar av landet, oftast på våt mark, men òg vanleg på kulturmark og skrotemark. Amerikabrunnkarse er framand og berre funnen éin gong i Noreg.
Kjenneteikn
Brunnkarse er eitt- til toårig, stundom kanskje kortlevd fleirårig. Han har oppstigande eller opprette stenglar opptil 50 cm, men er oftast meir kortvaksen. Han er snau eller svært sjeldan med nokre spreidde, ugreina hår (subsp. palustris) eller strihåra på stengel og bladundersider (subsp. hirsuta). Blada er fjørdelte med 2–6 par sideflikar og med avlang endeflik. Oftast sit det nokre blad ved grunnen. Alle blada er skafta, men dei øvre blada har ofte bladøyre nedst på skaftet, og desse er noko stengelomfattande. Blomestanden er ein klase som strekkjer seg noko i fruktstadiet. Kronblada er om lag 2 mm lange, kortare enn eller om lag jamlange med begerblada, og gule. Frukta er ei 2,5–10 mm lang, pølseforma skulpe som er 1,7–3 mm tjukk, noko som gjer at ho ligg i grenseområdet mellom kortskulpe (opptil tre gonger så lang som brei) og langskulpe (meir enn tre gonger så lang som brei) og med ein skilnad mellom dei to underartane. Skulpa er jamlang med eller litt lengre enn skulpeskaftet (skilnad mot islandskarse Rorippa islandica). Ho sit på sprikjande skaft og har ein griffel på 0,4–1 mm. Frøa er 0,5–0,7 mm og grovt småbuklete.
Kromosomtal
Brunnkarse er tetraploid med grunntal x = 8 og kromosomtal 2n = 32. Teljingar (av subsp. palustris) er utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Sjå underartane. Den norske utbreiinga blir omtala av Fremstad (2013).
Arten brunnkarse er utbreidd i alle boreale, tempererte og til dels subtropiske område på den nordlege halvkula, og dessutan i tropisk Aust-Afrika. Han er kulturspreidd til andre område i Sør-Amerika og Australia. Den mest omfattande undersøkinga av brunnkarse med sine rasar, er Jonsell (1968). Han inkluderer plantane i Europa og Asia i subsp. palustris, medan fleire andre underartar veks i Nord-Amerika, mellom dei subsp. hispida.
Kommentarar
I Nord-Amerika veks subsp. palustris og subsp. hispida saman over heile kontinentet. Plants of the World Online (POWO) handsamar subsp. hispida som ein særskild art, Rorippa hispida (Desv.) Britton, og beskriv han, av ein eller annan nokså uforståeleg grunn, som ein halvbusk, noko vi ikkje kan støtte. Dei plantane som vi har sett av amerikabrunnkarse i Nord-Amerika, er urter liksom annan brunnkarse.
Hybridar med vegkarse, Rorippa palustris (subsp. palustris) × Rorippa sylvestris, er funne i Moss og Hobøl (Østfold), Oslo, Hamar og Ringsaker (Hedmark), Lillehammer (Oppland), Seljord (Telemark) og Søgne (Vest-Agder). Nokre av desse funna treng konfirmering, men hybriden kan vere oversett. Jonsell (1968) godtek slik hybridisering.
Forvekslingar
Brunnkarse liknar mykje på islandskarse Rorippa islandica, men hovudskilnaden er at islandskarse har frukt som er 2–3 gonger så lang som fruktskaftet, medan brunnkarse har frukt som er jamlang med eller berre litt lengre enn fruktskaftet. Denne skilnaden er vanlegvis tydeleg. Islandskarse har òg litt kortare begerblad (mindre enn 1,6 mm) enn brunnkarse (1,6 mm eller meir), og islandskarse har nedbøygde skulper i fruktstadiet, medan brunnkarse har sprikjande eller noko oppbøygde skulper. Desutan skil brunnkarse og islandskarse seg i kromosomtalet, men det kan ein jo ikkje sjå.
Brunnkarse kan òg bli forveksla med vegkarse Rorippa sylvestris, men mellom anna frukta er ulik. Skulpa hos vegkarse er grann og ofte noko bøygd; hos brunnkarse er ho tjukk og pølseforma, og lite eller ikkje bøygd.
Kjelder
Al-Shehbaz IA (2010). Rorippa Scopoli. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 493–506.
Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Fremstad E (2013). Rorippa palustris (L.) Besser. I R Elven, E Fremstad og O Pedersen (red.), Distribution maps of Norwegian vascular plants. IV. The eastern and northeastern element: 342–344.
Jonsell B (1968). Studies in the north-west European species of Rorippa s. str. Symbolae Botanicae Upsaliensis 19,2: 1–222.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022
Rich TCG (1991). Crucifers of Great Britain and Ireland. BSBI Handbook 6. Botanical Society of the British Isles, London. 338 s.
Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.
Valentine DH og Jonsell B (1993). Rorippa Scop. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 344–345.
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Brunnkarse Rorippa palustris (L.) Besser. www.artsdatabanken.no/Pages/345663. Lasta ned <dag.månad.år>.