Kinakål er ein eittårig krossblome som blir dyrka som grønsak. Det er det store, avlange kålhovudet som vi et.

Kjenneteikn

Kinakål er eittårig og set eit stort, avlangt kålhovud med krusete blad med lyse nervar.

Kromosomtal

Kinakål er hovudsakleg diploid med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 20. Det er i alle fall éi teljing av 2n = 40, dvs. tetraploid. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Vi veit ikkje i kor stort omfang kinakål blir dyrka i Noreg. Utanfor kultur er han berre funnen eit par gonger på deponi for organisk avfall, der han sikkert har kome opp frå utkasta matvarer. Funna er i skrivande stund ikkje digitalisert og er difor ikkje synlege i kartet.

Kommentarar

Dette er ein austasiatisk kulturplante, lenge dyrka i Kina og Japan, og det er ikkje klårt for oss korleis ein har kome fram til at han er ein kultivar utvikla frå den elles mediterrane og vestasiatiske arten Brassica rapa, men han blir handsama slik i Plants of the World Online (POWO). I Europa er han ny i kultur, først dyrka i Mellom-Europa frå kring midten av 1900-talet.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/home/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Store norske leksikon/kinakål https://snl.no/kinakål Lasta ned 7/11/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Kinakål Brassica rapa subsp. chinensis (L.) Hanelt. www.artsdatabanken.no/Pages/345525. Lasta ned <dag.månad.år>.