Åkerkål er ein gulbloma, framand krossblome som truleg kom inn tidleg med jordbruket. Han har vore nokså vanleg å sjå i åker, nysådd eng og på anna kulturmark, men har vorte meir sjeldsynt dei seinare tiåra.

Kjenneteikn

Åkerkål er eittårig, utan rosett ved grunnen og med grann rot. Stengelen er opprett og lite greina, og litt grissent håra nedst. Grunnblada og dei nedre stengelblada er heile eller buktflika med stor endeflik, grissent håra og grøne. Dei øvre stengelblada er heile, snaue, blankt blågrøne, og bladgrunnen går kring stengelen. Blomane sit i klasar utan støtteblad. I klasen stikk dei opna blomane høgare opp enn knoppane. Begerblada sprikjer eller er noko opprette (dei er ikkje tiltrykte). Kronblada er 6–12 mm lange og litt bleikt gule. Frukta er ei langskulpe som er 4–6 cm lang og om lag 3 mm brei, med eit nebb på 1–2 cm. Frøa er mindre enn 1,6 mm og grå eller gråsvarte.

Kromosomtal

Åkerkål er diploid med grunntal x = 10 og kromosomtal 2n = 20. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Åkerkål er framand og er komen inn med jordbruket, men truleg svært tidleg. Han har vore nokså vanleg i åker og nysådd eng, langsmed vegar og på anna, nokså tørr skrotemark. Utbreiinga som bufast strekkjer seg frå nemoral til mellomboreal sone, medan han er meir tilfeldig i nordboreal sone og svært tilfeldig i lågalpint belte. Han er funnen over heile landet nord til Finnmark, men har vore særleg hyppig i låglandet på Austlandet, langsmed kysten til Hordaland, og i Trøndelag. Han er funnen opp til 1220 moh. på Finse i Ulvik (Hordaland). Det er framleis nokså mykje av han, kanskje særleg sør på Austlandet og i Gudbrandsdalen, men han har vorte meir sjeldsynt dei siste tiåra (med om lag 300 funn/observasjonar frå og med 1980 mot meir enn 1000 før 1980). Åkerkål høyrer til det elementet som kom inn med tidleg jordbruk. I Danmark er han kjent frå tidleg bronsealder (1800–1500 år før vår tidsrekning, sjå Hartvig 2015), og det er truleg at han har vore i Noreg, i alle fall i søraust, like lenge.

Opphaveleg kjem nok åkerkål frå Middelhavsområdet og Vest-Asia. Han er kulturspreidd i alle tempererte område i verda.

Åkerkål er, saman med åkersennep Rhamphospermum arvense, åkergull Erysimum cheiranthoides og vinterkarse Barbarea vulgaris, dei fire gulbloma krossblomane ein oftast ser i åker, nysådd eng og på anna kulturmark. Medan vinterkarse, åkersennep og åkergull framleis er vanlege å sjå, synest det ha blitt mindre med åkerkål dei seinare tiåra.

Forvekslingar

Åkerkål skil seg frå kulturrasane i at han han mindre frø (oftast mindre enn 1,6 mm mot meir enn 1,6 mm), men det ser ein ikkje på kulturplantane dersom dei ikkje blømer og set frukt. Rybs, som blømer regelrett både når han vert dyrka og som forvilla, har raudbrune frø, medan åkerkål har grå eller gråsvarte frø. Nepe/turnips er toårig og set en tjukk rotknoll og ein stor rosett første året og blømer først andre året, medan åkerkål er eittårig, utan rosett og med grann rot.

Kjelder

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/5/2022

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Hartvig P (2015). Atlas Flora Danica 1–3. Gyldendal, København.

Heywood VH og Akeroyd JR (1993). Brassica L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 405–409.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Stace CA (2019). New Flora of the British Isles. 4. utg. C & M Floristics, Middlewood Green. 1266 s.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Åkerkål Brassica rapa subsp. campestris (L.) A.R.Clapham. www.artsdatabanken.no/Pages/345522. Lasta ned <dag.månad.år>.