Fordjupning – Framandartslista
Kva artar utgjer ein risiko for norsk natur? Kva for nokre framande artar fryktar vi i framtida? Korleis spreier dei framande artane seg til norsk natur?
Arbeidet med å lage ei Fremmedartsliste er eit resultat av nitidig vurderingar utførte av dei fremste ekspertane i landet. Her finn du tolv artiklar som har samanlikna noko av kunnskapen og tendensane som har komme fram i arbeidet.
Nokre av artiklane forklarer metodikken bak lista, medan andre forklarer sentrale omgrep og påverknadsfaktorar.
Endringar frå 2018 til 2023
Over 800 fleire framande artar er vurderte i arbeidet med Fremmedartslista 2023. Dei fleste er nye dørstokkartar. Mange artar har blitt vurdert til ein annan kategori, og ei rekkje dørstokkartar er på plass ute i norsk natur.
Hageplanter til begjær og bry
Mange framande hageplanter utgjer ein økologisk risiko. Hagebruket formeirar opp spesielle variantar eller gjer kunstige krysningar for å få fram nye variantar. Kunnskapen om slike nye variantar kan vere mangelfull.
Forstå Framandartslista betre
Kva kriterium blir brukte når framande artar blir vurderte?
Geografisk variasjon i framande artar sin risiko
Noreg er eit langstrakt land med stor variasjon. Framande artar kan derfor ha varierande påverknad i naturen ulike stadar i landet. I Framandartslista er det den mest alvorlege risikoen arten kan ha i Noreg som blir presentert.
Kva er 1800-talsgrensa?
I arbeidet med å risikovurdere framande artar, avgjer 1800-tals grensa om ein art skal vurderast eller ikkje. Framande artar som var etablerte i Noreg per år 1800 blir ikkje risikovurderte, men dei er framleis framande artar.
Slik spreier dei framande artane seg til naturen
I Noreg har omlag 1400 risikovurderte framande artar allereie spreidd seg til naturen. Nokre av desse er med vilje sett ut, andre har rømt eller forvilla seg, og atter andre har snike seg med frå andre land som blindpassasjerar.
Kva framande artar har vi i vente?
Framande artar på Svalbard
Artsdatabanken har gjort eigne risikovurderingar for framande artar på Svalbard. Mange av dei vurderte artane er dørstokkartar, som vi reknar med vil kunne etablere seg etter kvart som klimaet blir varmare.
Regionalt framande ferskvassfisk
I Framandartslista 2023 er 13 artar såkalla regionalt framande ferskvassfisk risikovurdert. Fleire av desse utgjer ein stor økologisk risiko i vatn og elvar der dei ikkje naturleg høyrer heime.