Kvifor dørstokkartar er viktige
Dørstokkartar er framande artar som enno ikkje er etablerte i norsk natur, men som kan bli det i framtida. Kunnskap om desse artane gjer at forvaltninga kan oppdage og handtere nye risikoartar før dei får fotfeste.
Innhold
Når ein framand art først har etablert seg og spreidd seg i naturen, er det ofte vanskeleg å stanse vidare spreiing. Mink Neovison vison, boakjølsnegl Limax maximus og hagelupin Lupinus polyphyllus er døme på artar som i dag er spreidde over store delar av landet.
Derfor er det viktig å vite kva artar som kan vere på veg til Noreg, korleis dei kan kome hit, og kva konsekvensar dei kan få for naturmangfaldet. Slik kunnskap gir forvaltninga eit betre grunnlag for å prioritere overvaking og setje inn tiltak på eit tidleg tidspunkt.
Slik finn vi dørstokkartar
For å finne artar som kan bli etablerte i Noreg i framtida, gjennomfører Artsdatabanken såkalla horisontskanning. Metoden er utvikla i samarbeid med fagmiljø i Noreg og Artdatabanken i Sverige.
Du kan lese meir om metoden i Horisontskanning av framande artar.
I 2022 gjennomførte Artsdatabanken den mest omfattande kartlegginga av potensielle dørstokkartar som er gjort for Noreg. Gjennom søk i databasar, vitskapleg litteratur og ekspertvurderingar vart nesten 3400 framande artar identifiserte som moglege kandidatar.
Kva er ein dørstokkart?
Dørstokkartar er artar som ikkje reproduserer utandørs i Noreg i dag, men som kan gjera det på sikt. Dei fleste er framleis i utlandet eller berre innandørs i Noreg. Nokon kan leva utandørs òg, men då har dei enno ikkje byrja å reprodusera sjølvstendig.
Over 700 nye dørstokkartar vart risikovurderte
En gjennomgang av dei nesten 3400 artane, resulterte i risikovurdering av 753 nye dørstokkartar for Noreg i 2023.
Dei fleste av dei nye dørstokkartane er plantar, men også terrestriske virvellause dyr utgjer ei stor gruppe. Mange av artane er vurderte til høg eller svært høg risiko.
Eit døme er karpefisken Pseudorasbora parva, som er berar av parasitten Sphaerothecum destruens. Parasitten er rapportert å kunne forårsake alvorleg sjukdom hos laksefisk. Eit anna døme er eggsporesoppen Phytophthora quercina, som kan gi rotròte på eik og er vurdert til høg risiko. Arten er ikkje dokumentert i Noreg, men finst fleire stader i Europa og er også funnen i Sverige.
I artikkelen Kva slags framande artar har vi i vente? kan du lesa meir om dørstokkartane.
Å vere førebudd gir eit betre grunnlag for handling
Risikovurdering av dørstokkartar gir ikkje berre kunnskap om kva artar som kan kome til Noreg. Ho gir også kunnskap om korleis dei kan spreie seg, kva økologiske konsekvensar dei kan få, og kor stor risiko dei utgjer for naturmangfaldet.
Det betyr at forvaltninga kan vere betre førebudd når nye framande artar dukkar opp. Målet er å oppdage potensielle truslar tidleg nok til at effektive tiltak framleis er mogleg. Når kunnskapen kjem før artane etablerer seg, aukar sjansen for å førebyggje skade på naturmangfaldet.
Å hindra at skadelege framande artar får fotfeste i naturen er ikkje berre eit pluss for naturmangfaldet, men det vil også spare samfunnet for store økonomiske kostnader.
Siden siteres som
Fremmedartslista 2023, Artsdatabanken, Kvifor dørstokkartar er viktige
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/fordypning/kvifor-dorstokkartar-er-viktige