Genforureining som økologisk effekt
Genforureining oppstår når gen blir overførte mellom ulike artar eller mellom genetisk forskjellige bestandar av same art. Dersom genutvekslinga blir omfattande, kan ho endre den genetiske samansetjinga i bestandar og påverke naturmangfaldet.
Innhold
Kva er genforureining?
Genforureining er overføring av gen mellom ulike artar eller mellom genetisk forskjellige bestandar av same art. Dette skjer når individ frå ulike grupper parar seg og får avkom saman. Prosessen blir kalla hybridisering, og avkommet blir kalla ein hybrid.
I mange tilfelle er hybridar sterile og kan ikkje få eigne avkom. Då stoppar genutvekslinga etter den første generasjonen.
Dersom hybriden er fertil, kan han få avkom og krysse seg vidare med éi eller begge foreldregruppene. Gen frå den eine gruppa kan då bli spreidde inn i den andre gjennom fleire generasjonar. Denne prosessen blir kalla introgresjon.
Genforureining innan ein art: oppdrettslaks og villaks
Eit kjent døme er rømd oppdrettslaks som gyter saman med villaks. Sjølv om begge tilhøyrer same art, har dei ulik genetisk samansetjing. Resultatet kan vere genetiske endringar i villaksbestandane. Ein ser ikkje på oppdrettslaks som ein framand art, og han er derfor ikkje risikovurdert. Men dette er eit godt døme på genforureining innan ein art.
Kvifor er genforureining viktig?
Genforureining kan endre den genetiske samansetjinga i ein bestand. Dette kan auke den genetiske variasjonen, men kan òg føre til at lokale tilpassingar og genetiske særtrekk går tapt.
Risikoen er ofte størst for små eller sårbare bestandar. I slike tilfelle kan genforureining redusere genetiske skilnader mellom bestandar og svekkje det genetiske særpreget til sjeldne artar.
Hybridisering og genutveksling er naturlege prosessar. Utfordringa oppstår når menneske flyttar artar eller genetisk ulike bestandar til område der dei ikkje høyrer naturleg heime. Då kan genetiske skilnader som har utvikla seg over lang tid, bli svekte eller gå tapt.
Kva er distanseeffekt?
Genforureining kan oppstå utan at ein framand art etablerer seg i naturen. Dette blir kalla distanseeffekt.
Planter kan spreie pollen eller frø frå hagar, parkar eller jordbruksområde til heimehøyrande slektningar i naturen. Slik kan dei påverke genetisk mangfald over store avstandar utan sjølve å spreie seg.
Døme på dette er hageeple Malus domestica som kan hybridisere med villeple Malus sylvestris, og hybridbarlind Taxus ×media som kan spreie pollen til heimehøyrande barlind Taxus baccata
Korleis blir genforureining vurdert i Framandartslista?
Genforureining er eitt av seks kriterium som blir brukte for å vurdere økologisk effekt hos framande artar.
Ved vurdering av genforureining legg ekspertane mellom anna vekt på:
- om den framande arten kan genforureine ein trua art
- om den framande arten kan genforureine ein nøkkelart
- kor stort omfang påverknaden har
Genforureining av trua artar og nøkkelartar blir rekna som meir alvorleg enn genforureining av andre artar.
Det kan vere vanskeleg å dokumentere at genforureining faktisk skjer, og konsekvensane er ofte usikre. I risikovurderingar blir genforureining vurdert som ein økologisk effekt dersom det er kjent at hybriden er fertil.
I Framandartslista 2023 er det registrert nær 100 framande artar som kan føre til genforureining av heimehøyrande artar. Dei fleste er plantar, men fenomenet er òg vanleg hos fuglar.
Effekt på trua artar
Vurderingane i Framandartslista syner at 20 framande artar kan føre til genforureining av 16 ulike trua artar.
Eit kjent døme er hageeple M. domestica som hybridiserer med villeple Malus sylvestris. Hybriden kan krysse seg vidare med villeple slik at gen frå hageeple blir spreidde i villeplebestanadane.
Genetiske undersøkingar tyder på at om lag halvparten av dei undersøkte førekomstane av villeple er påverka av slik geninnkryssing. Genforureining frå hageeple er òg nemnd som ein faktor i bestandsnedgangen til villeple i Raudlista 2021.
Andre døme er skjeand Spatula clypeata, hummer Homarus gammarus, åkerrødtopp Odontites vernus, marianøkleblom Primula veris og amerikansk ål Anguilla rostrata.
Dersom amerikansk ål etablerer seg i område der europeisk ål Anguilla anguilla finst, kan den hybridisere med den sterkt trua arten og bidra til genforureining.
Siden siteres som
Fremmedartslista 2023, Artsdatabanken, Genforureining som økologisk effekt
Hentet fra https://artsdatabanken.no/arter/fremmedartslista/om-fremmedartslista/fordypning/genforureining-som-okologisk-effekt