Hemlokkslekta Tsuga er ei nokså lita slekt med ti artar, seks i Aust-Asia og fire i Nord-Amerika. Dei er små til store tre som veks i nokså fuktig skog eller i område med nokså fuktig klima. Dei toler store snøfall og is-stormar betre enn storparten av andre bartre. Ein kan kjenne dei att på at greinspissane ofte nikkar, på dei små konglene, og på dei korte nålene.

Artane i hemlokkslekta har tett greinverk som gjev mykje skugge. Det veks ofte lite på skogbotnen i ein slik skog. Arten her er vestamerikansk hemlokk i restane etter Lippes Arboret i Bymarka i Trondheim.

Kjenneteikn

Hemlokkartane er tre med rette eller ofte noko krokete stammar, og med smalt eller breitt kjegleforma krone. Greinene er skrått oppstigande, sprikjande eller ofte hengande, og alle artane har karakteristisk nikkande greintoppar. Greinene er noko uregelrett kransstilte. Borken sprekk opp og flaknar av nokså tidleg. Knoppane er eggforma og utan harpiks. Nålene sit enkeltvis og kring heile kvisten, men hos to av dei norske artane er dei vridde slik at nålverket blir flatt. Nålene har tydelege skaft, og dei sit på tappforma, tynne nålfeste som blir sitjande att som små piggar på kvisten når nålene fell av. Nålene er flate hos Tsuga heterophylla og Tsuga canadensis, medan dei er firkanta i tverrsnitt hos Tsuga mertensiana og butte eller litt utranda. Dei har éin harpikskanal under midtnerven. Spalteopningane sit i striper i to breie eller smale band på undersida av nåla, hos Tsuga mertensiana òg på oversida. Nålene fell av kvisten når han visnar (eller når han blir pressa i eit herbarium), ein systematisk skilnad frå douglasgranslekta Pseudotsuga og edelgranslekta Abies, der nålene heng på dei tørre kvistane. Konglene sit på årsgamle kvistar, er nokså til svært små, størst hos Tsuga mertensiana, eggforma, hengande, og dei fell av heile etter eitt år. Dekkskjela er mykje kortare enn kongleskjela og dei er ikkje synlege på mogne kongler. Kongleskjela er eggforma, tynne og utan apofyse og umbo (sjå furuslekta Pinus for forklaring). Frøa har vengje og blir vindspreidde.

Økologi og utbreiing

Hemlokkartane veks i skog og kan dominere skogen der dei veks. Dei gjev mykje skugge og hindrar gjenvekst og oppvekst av andre artar. Særleg er vestamerikansk hemlokk Tsuga heterophylla ein svært konkurransesterk art, både i barskog og der han kjem inn i lauvskog. Under og kring eit stort tre av denne arten finn ein ofte tusenvis av småplantar som berre står der, i fleire tiår kanskje, og ventar på at det skal bli lys nok, til dømes etter eit vindfall, slik at dei kan sprette opp ved rask vekst og okkupere holrommet. Vestamerikansk hemlokk set allereie sitt preg på norsk natur mange stader, men dei to andre artane gjer lite av seg.

Hemlokkslekta har ti artar globalt: fire i Nord-Amerika, i aust med kanadahemlokk Tsuga canadensis og ein art i Appalachane, Tsuga caroliniana, i vest med vestamerikansk hemlokk Tsuga heterophylla og fjellhemlokk Tsuga mertensiana, og seks i Mellom- og Aust-Asia frå Himalaya og Tibet aust til Japan og Korea. Ingen av dei asiatiske artane er funne i Noreg. I Tertiær vaks det hemlokk heilt nord til dei kaldaste delane av arktisk Canada på Axel Heiberg Island (sjå LePage 2003). Slekta gjekk mykje attende under istidene i Pleistocen, og den utbreiinga vi ser i dag er relikt.

Tre artar er kjende frå Noreg. Éin art er innført i Noreg hovudsakleg til skogbruk og er mykje forvilla: vestamerikansk hemlokk Tsuga heterophylla. To andre artar er hovudsakleg innførde som prydplantar og er mindre ofte forvilla: kanadahemlokk Tsuga canadensis og fjellhemlokk Tsuga mertensiana.

Kjelder

Christensen KI (2000). Coniferopsida. I Jonsell B (utg.). Flora Nordica 1 Lycopodiaceae – Polygonaceae: 91–115.

Eckenwalder JE (2009). Conifers of the World, the complete reference. Timber Press, Portland, London. 720 s.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg.. Samlaget, Oslo. 1255 s.

LePage B (2003). A new species of Tsuga (Pinaceae) from the middle Eocene of Axel Heiberg Island, Canada, and an assessment of the evolution and biogeographical history of the genus. Botanical Jornal of Linnean Society 141: 257–296.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 15/11/2023

Taylor RJ (1993). Tsuga (Endlicher) Carrière. I Flora of North America Editorial Committee (utg.). Flora of North America north of Mexico. 2: 362–365.

Siter nettsida som:

Solstad H og Elven R. Hemlokkslekta Tsuga (Antoine) Carrière. www.artsdatabanken.no/Pages/305092. Lasta ned <dag.månad.år>.